Hopp til innhold

Advarer mot hovudtelefonar med støydemping

Hovudtelefonar og øyrepluggar som tek bort støy har blitt ein del av mange menneske sine liv. No åtvarar Trygg Trafikk mot å bruke dei utandørs.

Adrian Oleksiak og Anine Henriksen viser fram hodetelefonene sine, som har støydemping.

Adrian Oleksiak og Anine Henriksen bruker hovudtelefonar med støydemping, men meiner det kan vere farleg i trafikken.

– Ute på gata meiner eg desse er farlege, seier Anine Henriksen.

Ho viser fram hovudtelefonane ho bruker til vanleg. Med støydemping, så klart.

– Eg trur veldig mange vil putte inn øyreproppar før dei går ut døra, og berre leve sitt vanlege liv, seier ho.

Du har sikkert lagt merke til det sjølv.

Mange går eller spring rundt i bybilete med hovudtelefonar eller øyreproppar. Å høyre på musikk, podkast eller lydbok kan vere fredeleg.

Men det er også dette som uroar.

Les også Hvordan skal ein eigentleg køyre i rundkøyringar?

Rundkjøringa i Auglandsbukta i Kristiansand.

– Kan hamne i farlege situasjonar

Trygg Trafikk meiner at støydempande hovudtelefonar gjer at ein ikkje får med seg alle signala frå omgjevnadene, og at det utgjer ein risiko i trafikken.

– Viss ein ikkje får med seg det som skjer kan ein hamne i farlege situasjonar. Ein må vere bevisst at ein har ansvar for seg sjølv og andre.

Det seier regionleiar for Trygg Trafikk i Agder May-Lene Rasmussen Noddeland.

Ho åtvarar no mot å bruke støyreduserande hovudtelefonar og øyrepluggar ukritisk utandørs.

– Viss ein går i si eiga verd og lyttar til noko er det lett å gløyme bort at ein er i trafikken. Det er viktig å bruke alle sansane og følgje med, seier ho.

Trygg Trafikk

Regionleiar for Trygg Trafikk i Agder May-Lene Rasmussen Noddeland, seier det er veldig viktig å bruke alle sansane i trafikken. Sjølv bruker ho øyrepluggar utan støydemping.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Sel godt

– Desse her selde vi 3000 av på éin dag, då vi hadde dei på tilbod.

Christopher Kennedy er seljar hos Power i Arendal, og held fram pakken med øyreproppar. Dei er tydeleg merkte med «Noice Cancelling».

– I praksis stenger slike ut all lyd du ikkje vil ha, slik at du kan vere i di eiga boble. Vi ser at det er mange som vel lytteutstyr som nettopp fjernar støy, seier han.

Les også Fagfolk bekymret: Oscar (17) bruker ørepropper fire timer om dagen

Oscar med ørepropper

Kennedy er sjølv glad i å bruke øyretelefonar, men meiner folk må vere bevisste.

– Ein må vere obs når ein går med hovudtelefonar og øyreproppar som dempar omkringliggande lyd. Det er viktig å følgje med medan ein lyttar.

Selger hos Power i Arendal Christopher Kennedy.

Seljar hos Power i Arendal Christopher Kennedy stadfestar at det er mange helst vil ha støydemping.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Høyrer ikkje bilar

Adrian Oleksiak står saman med Anine Henriksen midt i ei trafikkert gate i Arendal og tek på seg øyretelefonane han bruker til vanleg.

– Sjekk no. No høyrer eg ikkje bilen som passerer der, seier Oleksiak.

Han peikar på ein bil som køyrer forbi berre to meter unna.

– Eg har sjølv erfart kor farleg dette kan vere. Eg har gløymt meg bort og gått rett ut i gata fordi eg hadde på øyretelefonar som blokkerte støy.

– Heldigvis gjekk det bra, seier han, og tek av seg hovudtelefonane.

Hodetelefoner

Adrian Oleksiak fortel at han sjølv har erfart å gløyme seg bort når han har brukt hovudtelefonar med støydemping.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Anine fortel at ho har opplevd det same.

Ho seier ho ikkje trur folk er obs på kor farleg det kan vere med hovudtelefonar eller øyrepluggar som tek bort støy.

– Det er faktisk på tide at vi snakkar om dette, for det kan skje ulykker om ein gløymer seg bort når ein går rundt med lyd i øyret heile dagen, seier Anine.

Les også Viser verden hvordan hun lever med ME

Anja står på en brygge og smiler mot sola. Bak henne er et vann, et fjell og skog. Hun ser glad ut.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %