Hopp til innhold

– Vi tenkjer ikkje på medalje

ØIF Arendal-kaptein Eirik Heia Pedersen seier at laget ikkje har fokus på medalje før kveldens skjebnekamp mot Runar i Sør Amfi.

Eirik Heia Pedersen

Eirik Heia Pedersen har tru på siger mot Runar, men trur det blir ein tøff kamp.

Foto: Thomas Grønvold/NRK

– Vi tenkjer ikkje på det. For då må vi vinne neste kamp og kampen etter der. Fokuset er på denne kampen og gjere så godt ut av den som vi kan, seier Heia Pedersen til NRK.

– Men dersom vi vinn aukar sjansen for at vi kan ta medalje, seier han.

Medaljen kan ryke

Med tap for Runar er draumen om medalje definitivt knust. Men arendalittane tok med seg ei god dose sjølvtillit frå helgas kamp mot Drammen, der dei vann for første gang.

– Vi har ikkje trent så mykje etter det, men Andre Jørgensen Hofstøl er tilbake og Tobias Gjertsen gjorde ein god kamp der. Held vi fram med å prestere på det nivået ser det bra ut, seier han.

– Korleis vurderer du sjansane for siger?

– Det er omtrent 50-50. Det har det vore i heile år. Alle kampane er jamne og alle kan vinne, seier han.

Også trenar Leif Gautestad er klar på at kampen mot Runar vert eit tøff batalje.

– Utfordring av dimensjonar

– Dei har kanskje den beste førsteseksaren i ligaen. Det er eit lag beståande av svenskar og danskar. Dei har god fysikk, er gode taktisk og har mykje fart i laget, seier Gautestad til NRK.

– Det blir ei utfordring av dimensjonar, men ambisjonen er å slå dei, seier trenaren.

No håpar kapteinen på od hjelp frå publikum.

– Det kjem til å bli mykje kriging på bana og det blir ein tøff kamp. Vi håpar på fullt hus. Publikum kan hjelpe oss til siger, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %