Hopp til innhold

ØIF-trenar: – Ei utfordring av dimensjonar å slå Runar

ØIF Arendal må slå Runar onsdag kveld for å ha sjanse på medalje i årets eliteserie. Trenar Leif Gautestad har trua på siger, men vedgår at det blir knalltøft.

Leif Gautestad

Trenar Leif Gautestad har tru på at laget hans skal klare å slå Runar.

Foto: Knut Knudsen Eigeland / NRK

– Dei har kanskje den beste førsteseksaren i ligaen. Det er eit lag beståande av svenskar og danskar. Dei har god fysikk, er gode taktisk og har mykje fart i laget, seier Gautestad til NRK.

– Det blir ei utfordring av dimensjonar, men ambisjonen er å slå dei, seier trenaren.

Høge skuldrer

I helga slo ØIF Arendal Drammen for første gang på bortebane. Arendalittane har komme seg gjennom ein tung periode, der dei har bomma mykje på mål.

– Litt av årsaka til at vi vann er at vi senka skuldrene. Det å senke skuldrene og leike litt med ballen har vore viktig. Vi har nok vore litt anstrengte med høge skuldrer. Det er mange som vil mykje, seier han.

Runar ligg på 3. plass før onsdagens kamp. Laget har kjempa i toppen heile sesongen, og må vinne for å ikkje falle av i gullkampen.

Trur på siger

– Optimismen er stor etter kampen i Drammen der vi var barrierebrytande og gjekk litt bananas, smiler Gautestad.

– Trua på siger er der og vi håpar på å vere gode nok til å utfordre eit veldig sterkt lag, seier han.

Med ØIF-siger er laget for alvor med i medaljekampen igjen. Truleg må dei vinne også dei to siste kampane mot Bodø og Follo for å ta medalje.

Blir det tap mot Runar er medaljedraumen knust allereie før dei to siste kampane.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %