Hopp til innhold

– Tøffare konkurranse enn nokon gang

Konkurransen om å komme seg inn i startoppstillinga til Jerv er hardare enn nokon gang. Det kan sende klubben rett opp i eliteserien.

Jan Jenssen, Jerv

Jan Jenssen er sett på sidelinja med skade. Han er truleg tilbake i trening om ei veke.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er tøffare konkurranse enn nokon gang. Det er frykteleg lite som skil på om du startar kampen eller ikkje, seier midtbanespelar Andreas Hagen til NRK.

Andreas Hagen scorer for Jerv

Andreas Hagen har teke plassen til Jan Jenssen som er ute med skade. Her scorar han mot Hødd.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Laget har den beste formkurva i 1. divisjon og snusar på direkte opprykk før søndagens oppgjer mot Raufoss.

No er Grimstad-klubben igjen i media sitt søkelys, som i fjor då dei overraska heile Fotball-Norge i debutsesongen i 1. divisjon.

Då spelte dei kvalifisering til eliteserien mot Start.

– Tøffare enn i fjor

– Alle har teke steg. Vi har fått inn nye spelarar som har løfta oss endå meir. Det er ein sunn situasjon å ha. Ingen er garantert plass på laget, og det er knalltøft å komme seg inn på dette laget, seier sportsleg leiar Cosmo Collett.

Det er midtbanespelar Jan Jenssen fullstendig klar over.

Ein lyskeskade har sett han på sidelinja i to månader. I fjor var han ein av dei viktigaste spelarane i klubben.

– Vi har henta ein del nye spelarar som har gjort det bra. Andreas Hagen har teke min plass og har vore knallgod. Det seier meg at eg må komme meg ut på feltet. Konkurransen om plassane er langt tøffare enn i fjor, seier Jenssen.

Jerv - Hødd

Jerv-spelarane jublar for scoring mot Hødd.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Ikkje ei døgnfluge

Nysigneringar bidreg til tøffare konkurranse om plassane. Jerv sikra seg mellom anna Michael Olusoji Ogungbaro, Tonny Brochmann og Ulrik Berglann før sesongen.

Eirik Haugstad

Eirik Haugstad skreiv under for Jerv i august.

Foto: FK Jerv

Eirik Haugstad signerte for klubben 2. august. I tillegg vart Pape Moussa Dioum Sow henta inn som erstattar for Dennis Antwi som gjekk til Start.

– Vi viser at vi ikkje er ei døgnfluge. Vi visste vi gjekk til ein vanskeleg andresesong, men vi ser at vi har mykje kvalitet, seier Collett.

Før søndagens heimekamp mot Raufoss ligg Jerv på 4. plass på tabellen berre to poeng bak Levanger på direkte opprykk.

20 prosent sjanse for opprykk

Ei oversikt Norsk Regnesentral har gjort for Trønder-Avisa viser at det er 20,5 prosent sjanse for at Jerv rykker direkte opp til eliteserien.

Oversikta viser at det er Kristiansund, Levanger og Sandefjord som har størst sjanse til å kapre dei to øvste plassane.

– Det er gøy med tal. Men vi har mange vanskelege kampar att, seier Collett.

Raufoss ligg nest sist på tabellen etter 19 serierundar og skal på papiret vere enkel motstand for Jerv.

– Det blir ein vanskeleg kamp. Vi kjem til å møte eit lag som er desperate etter poeng og vil gjere kva som helst for å ta med seg noko. Det blir tøffare enn å møte eit lag som ligg midt på tabellen som ikkje har noko å spele for, seier Hagen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %