Hopp til innhold

– Situasjonen er veldig uoversiktleg

Sjømannsprest Bjørn Nome frå Birkenes seier dei opnar dørene for nordmenn i Brussel etter at fleire titals menneske har vorte drepne i eit terroråtak.

Metro Brussel, eksplosjon
Foto: REUTERS TV / Reuters

– Det er særs dramatisk.

Det seier sjømannsprest Bjørn Nome frå Birkenes som er i byen Waterloo rundt 15 km sør for Brussel.

– Dette er noko vi følgjer tett med på, og opplever som ein veldig alvorleg situasjon akkurat no, seier Nome.

Tysdag morgon har det vore fleire eksplosjonar i Belgias hovudstad Brussel.

To eksplosjonar har ramma flyplassen Zavantem. Det er meldt om fleire døde, og det skal dreie seg om eit sjølvmordsangrep.

Samtidig melder den belgiske kringkastaren VTM at det har vore eksplosjonar på minst ein metrostasjon i sentrum av Brussel, rett ved EU-bygningane. Ti skal vere drepne.

Opnar dørene for nordmenn

Bjørn Nome

Sjømannsprest Bjørn Nome frå Birkenes er i byen Waterloo, 15 km sør for Brussel.

Foto: Sjømannskirken

Sjømannskyrkja i Belgia held åpent hus i prestegården i Waterloo i forbindelse med terrorangrepene i Brussel.

Det tilbys skyss for dei som treng det, opplyser Sjømannskirken på Facebook.

Nome fortel sjømannskyrkja er vane med å vere i beredskap.

– Vi er her for nordmenn som bur eller oppheld seg i utlandet. Vi har diverre vore vant til dette i Brussel og i Belgia over ei lengre tid. Det opplevast veldig dramatisk.

I dialog med ambassaden

No samarbeider dei med ambassaden for å hjelpe nordmenn som er i Brussel.

– Vi er i dialog med ambassaden, og vil opne dørene og vere tilgjengeleg for nordmenn som bur her eller oppheld seg i Brussel.

Då NRK var i kontakt med Nome rundt klokka 10 tysdag hadde ingen nordmenn kontakta sjømannskyrkja etter angrepa.

– Det er ein veldig uoversiktleg situasjon, men ingen har vore i kontakt med oss no i løpet av dei første timane.

NRK oppdaterer saka.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Julian Ryerson Mbappé

Superstjernen slaktes etter Ryerson-duell: – Kriseprestasjon

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %