Hopp til innhold

– Kun siger er godt nok

ØIF Arendal-spelar Sondre Paulsen er klinkande klar før møtet med Bækkelaget/Nordstrand i Sør Amfi. Kun to poeng og siger er godt nok.

ØIF Arendal varmar opp

ØIF Arendal varmar opp før møtet med Bækkelaget/Nordstrand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sondre Paulsen, ØIF Arendal

Sondre Paulsen og ØIF-spelarane kom til Sør Amfi kring ein time før kampstart.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Serien er så jamn at vi må ta to poeng. Avgjer vi poeng gjer vi det vanskeleg for oss sjølve, seier Paulsen til NRK.

Før søndagens serierunde ligg arendalittane på 6. plass på tabellen med seks poeng. Avstanden opp til medalje, som er målet i år, er berre to poeng. Likevel meiner han det er avgjerande å ta alle poenga mot BSK/NIF.

– Avgjer vi poeng må vi ta poeng mot lag som Drammen og Fyllingen. Vi må slå laga under oss på tabellen, seier kantspelaren.

Kveldens motstandar ligg på kvalifiseringsplass med 12 poeng.

Førre helg spelte ØIF Arendal uavgjort borte mot Nøtterøy i Tønsberg. Paulsen ventar ein tøff kamp også mot BSK/NIF.

– Dei er i god form og er eit godt lag, men på heimebane skal vi vere betre og vi skal vinne.

NRK følgjer kampen i Sør Amfi. Kampstart er klokka 18:00.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %