Hopp til innhold

– Ikkje lenge før første sigeren kjem

IK Start har ikkje vunne ein seriekamp sidan 4. juli i fjor. Kaptein Rolf Daniel Vikstøl seier det tek tid å vene seg til ny spelestil.

Odd - Start

Start gjekk glipp av viktige poeng då dei tapte 0 - 3 mot Odd søndag. Torsdag håper dei på å revansjere tapet.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Eg trur ikkje det er lenge før første sigeren kjem.

Det seier Start-kaptein Rolf Daniel Vikstøl etter 0–3 smellen mot Odd søndag kveld.

Rolf Daniel Vikstøl

Start-kaptein Rolf Daniel Vikstøl.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Gultrøyene frå Kristiansand har ikkje vunne ein einaste kamp til no i serien. Førre siger er datert 4. juli 2015.

– Vi møtte eit veldig godt fotballag i går i Odd, dei har ein veldig klar spelestil som dei har trent på i mange år. Vi har så vidt byrja å trene på den spelestilen vi ønskjer å spele, så eg trur vi kjem til å bli betre utover, seier Vikstøl.

Torsdag møter dei botnlag Sarpsborg på heimebane. Vikstøl har trua på at dei blir tre poeng rikare på Sør Arena.

– Der skal vi vise oss frå ei mykje betre side. Vi har stor tru på at vi kan få tre poeng til torsdag.

Dårlegaste på 16 år

Med berre tre poeng på årets fem første seriekampar er den dårlegaste serieopninga sidan 2000 eit faktum for Steinar Pedersens menn.

For å unngå ei reprise av nedrykksdramaet frå fjoråret trur Vikstøl laget må ta tida til hjelp.

– Vi må ha trua på det vi gjer, og det vi har trent på heile vinteren. Det er mykje nytt, og alt kjem ikkje med ein gong. Det kan ta litt tid.

Men nedrykksnervar er der lite av, trur kapteinen.

– I fjor var ein veldig tøff sesong der vi heldigvis klarte å halde oss med eit hårstrå. Men eg trur ikkje folk er direkte nervøse. Eg trur alle gutane er veldig gira på å vise fram ei god side, og vi står på kvar dag. Eg trur det kan bli veldig bra etter kvart.

Fortener slakt

Til trass for laber poengsanking møter dei ikkje mykje motbør blant supporterane.

– Folk er positive. Folk er veldig interessert i Start, og eg trur Start betyr mykje for mange. Eg treff ofte folk på butikken som vil slå av ein prat. Det er flott at folk engasjerer seg, hadde dei ikkje gjort det hadde det vore keisamt.

Men Vikstøl seier at også slakt kan vere på sin plass.

– Når vi ikkje presterer slik vi burde så er det heilt greitt at vi får høyre det, og når vi gjer det bra så er det kjekt at folk skryt av oss.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %