NRK Meny
Normal

Start-talentet drøymer om gjennombrotet

Mathias Rasmussen (18) fekk førre sesong øydelagt av skader. I år håpar midtbanespelaren på gjennombrotet i eliteserien.

Mathias Rasmussen, Start

Mathias Rasmussen har gjort det bra i sesongoppkøyringa.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg kjenner ekstra på energien og gleda over at eg er nærare førsteellevaren i år enn i fjor. Å gle seg til første seriekamp er heilt spesielt, seier Rasmussen til NRK.

Det var store forventningar til Ramussen før fjorårssesongen. Men på ei av dei siste treningane før seriestart small det i ein duell.

Rasmussen landa på skuldra som knakk. Dermed vart han sett kraftig tilbake, og gjennombrotet i eliteserien let vente på seg.

God på landslaget

Mathias Rasmussen

Her jublar Mathias Rasmussen for scoring i ein treningskamp mot Vindbjart i vinter.

Foto: Sander Heggheim / NRK

I år har lyngdølen markert seg og fått mykje speletid. Han scora både mot Vindbjart og Viking. I tillegg har han markert seg med scoringar på G19-landslaget.

– Det blir ein kamp for dei fleste å få speletid, men eg trur sjansane er veldig gode om eg jobbar godt på trening og viser meg fram, seier han.

Førre sesong fekk 18-åringen fire kampar frå start i eliteserien. I tillegg kom han på bana som innbyttar i sju kampar.

– Eg må spele meir frå start i år, satse på ferdigheitene eg har og dyrke dei. Det er berre å køyre på, seier Rasmussen som kom til Start sommaren 2013.

Semb trur på ti mål

Nils Johan Semb

Toppfotballsjef Nils Johan Semb har stor tru på Mathias Rasmussen.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Tidlegare denne veka sa Toppfotballsjef Nils Johan Semb at han har stor tru på 18-åringen.

– Det vil ikkje overraske meg om Rasmussen scorar ti eliteseriemål i år, sa Semb til Fædrelandsvennen.

Det har Rasmussen naturleg nok fått med seg.

– Det er veldig kult at han seier slike ting. Det er vanskeleg, men mogleg. Då må eg jobbe veldig hardt, seier Rasmussen.

Lovar speletid

Start-trenar Steinar Pedersen har store forventingar til midtbanespelaren før sesongstart.

Trenaren antydar også at Rasmussen vil få mykje speletid.

– Han har vist i treningskampane kva potensial han har. Eg gler meg til å sjå Mathias. Han vil vi få sjå mykje gjennom sesongen. Eg håpar han slår ut i full blomst, seier Pedersen.

– Eg høyrde at Toppfotballsjefen sa at han skulle score ti mål. Javel, klarer han det, då vert eg nøgd, ler Start-trenaren.

Søndag opnar Start eliteseriesesongen med heimekamp mot Lillestrøm.

Steinar Pedersen

Steinar Pedersen på trening på Sør Arena.

Foto: Sander Heggheim/NRK