NRK Meny
Normal

– Eg har aldri opplevd liknande

Marie Vik frå Eiken i Hægebostad måtte hentast med traktor for å komme seg på jobb søndag morgon.

Oversvømmelse vei

Sjå video frå Hægebostad. Foto: Marie Vik.

– Vatnet går over vegen mange stader. Det kjem inn i hus og mange bygningar. Eg har aldri opplevd liknande, seier Vik til NRK.

Sørlendingen jobbar som støttekontakt og fekk ein utfordrande tur til jobb søndag.

– Det var rett og slett umogleg å komme seg på jobb med bil. Eg måtte krysse fleire liknande stryk som du ser i videoen og tok sjansen. Men til slutt turte eg rett og slett ikkje meir, seier ho.

Kraftig straum

Vik ringde sjefen sin og ba han hente ho med traktor.

– I slike situasjonar er det godt med traktor på bygda veit du, ler ho.

– Eg gjekk litt ut i vatnet og kjende straumen i beina. Det var god kraft, seier ho.

– Det er masse vatn på jordene her. Det er mange fossar som har oppstått som eigentleg ikkje skal vere der. Eg er glad vi ikkje har dyr på beite akkuat no, seier ho.

Vik fortel at ho kjenner fleire som har fått vatn i kjellarane sine.

– Det var ein som fortalde om 40 centimeter med vatn i kjellaren i går. No er det nok endå verre, seier ho.

80 centimeter i kjellaren

Og det har ho fullstendig rett i.

Eirin Nøkland målte kor høgt vatnet stod i kjellaren søndag morgon. Då var det nær 80 centimeter.

– Vi prøvde å pumpe ut i går, men det nyttar ikkje. Vi må berre vente til vatnet går ned igjen, seier ho.

Nøkland har både kvitevarer og elektronikk i kjellaren som ho reknar med er øydelagt.

Ordførar på synfaring

Ordførar i Hægebostad Margrethe Handeland har vore på synfaring i kommunen søndag føremiddag.

– Teknisk avdeling jobbar så godt dei kan. Vi prøver å sørge for god drenering slik at skadene blir minst mogleg, seier ho.

– Eg er usikker på kor mykje kapasitet vi har for å hjelpe privatpersonar med vatn i kjellarane. Men eg prøver å danne meg eit bilete av situasjonen no, seier ho.

Ifølgje ordføraren er vatnet no på retur.

Gå til forsiden

Slik herja «Synne» på Sørlandet

Oversvømmelse i Kvinesdal

Slik herja «Synne» på Sørlandet

9 bilder