– Vi har trent ekstremt mykje
Spelarane i ØIF Arendal har aldri vore betre trent enn dei er no. Denne veka har spelarane vore gjennom fysiske testar. Der var resultata betre enn nokon gang. – Vi har trent ekstremt mykje. Vi ligg på ni økter i veka, seier trenar Marinko Kurtovic.