Sivert Orheim dømmer fotballkamp
Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

Sivert (15) åleine mot 22 fotballspelarar

Dei er ei utskjelt gruppe, og dei gongene dei er best er det ingen som ser dei. Sivert Orheim (15) drøymer om å bli profesjonell fotballdommar.

Det er faen meg heilt ubrukeleg! seier ein Fure-spelar fortvila.
Er eg? spør Sivert og ser på Fure-spelaren.
Det kjem ikkje svar, men dei ser kvarandre i auga.
Dommaren drar fram det gule kortet.

Nei, kom igjen då, dommar, kjem det frå ein annan Fure-spelar.
Det der er ganske rart, det der må du tole, fortvilar ein tredje Fure-spelar som kjem til.

Han er berre 15 år gammel, men draumen er å bli profesjonell fotballdommar.


Ein time før kampstart 17. april, Eikefjord stadion: Ein kvit Volvo kjem køyrande ned mot parkeringsplassen på Eikefjord stadion. Ut frå passasjersida kjem ein 15 år gammal gut som har blitt køyrt av far sin til kamp. Akkurat det er ikkje uvanleg rundt om i landet, men der sluttar det som er vanleg. 15-åringen er Sivert Orheim, og det er han som skal dømme kampen.

Køyrd til kamp

PRIVATSJÅFØR: Som regel er det far eller mor som køyrer Sivert til og frå kamp. Denne gongen var det far, Steinar Orheim, sin tur til å vere med sonen på kamp.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Ærverdige Eikefjord stadion, staden der storlag som Brann og Lillestrøm tidlegare hadde årlege treningsleirar. I dag er det serieopning i 6. divisjon som finn stad her. Heimelaget Eikefjord får besøk av Fure.

Sivert går inn i garderoben merka 'Dommar'. For Sivert er det ein heilt spesiell dag. Han skal debutere som fotballdommar på seniornivå. Serieopninga i 6. divisjon blir ekstra spesiell for Florø-guten.

– Eg er jo redd for å gjere feil, det er eg, fortel Sivert.

Helsing før kamp

– Halloen Sivert, er du klar?, det er Dan Kåre Esp som kjem inn i rommet og tek Sivert i handa. Han er dommarrettleiaren til Sivert i denne kampen.

Sivert seier han er nervøs.

FØREBUING

FØREBUING: Sivert førebur seg til sin første kamp i 6. divisjon. Tidlegare har han berre dømt aldersbestemte lag eller gått som assistentdommar på seniornivå. I dag er han åleine på bana mot 22 spelarar.

Foto: Oddmund Haugen

– Det skal du vere. Sommarfuglar i magen er viktig, seier Dan Kåre medan Sivert ser opp på han. Det er ei tydleg rollefordeling mellom den unge dommaren og den erfarne rettleiaren.

Dan Kåre Esp er medlem av dommarkomiteen i Sogn og Fjordane Fotballkrins. Han dømmer sjølv aktivt og er i tillegg rettleiar for andre dommarar. I dag skal han sjå kampen til Sivert, for deretter å gje tilbakemelding og skrive ein rapport til fotballkrinsen. Rapportane avgjer om han med tida får prøve seg på høgare nivå.

– Eg hadde vore meir bekymra om du ikkje var nervøs, seier Esp, før han held fram: – men for deg er det berre å tenke på at det er ein vanleg fotballkamp. Eg er heilt sikker på at du fiksar dette.

Sivert nikkar. Han har tydeleg respekt for rettleiaren og den erfarne dommaren.

– Lykke til Sivert!, seier Dan Kåre før han tek Sivert i handa. No er det alvor for Sivert.

Vi ber Sivert sette seg ned, legg ein telefon i handa hans og seier vi har med ei helsing til han før kampen.

Høyr helsinga frå dommarsjef i Norges Fotballforbund, Terje Hauge:

Sivert er tydeleg overraska over helsinga.

– Eg hadde ikkje forventa det. Det gir meg ekstra «guts» før kamp, seier ein stolt dommar, før han tek med seg fløyta og går ned på bana.

Sjeldan vare

Tidlegare toppdommar og dommarsjef i Norges Fotballforbund, Terje Hauge, kjenner til dommartalentet frå Florø.

– Eg har høyrt mykje om Sivert, eg er imponert, seier han.

Terje Hauge

DOMMARSJEF: Terje Hauge har ei lang erfaring som toppdommar. No er han dommarsjef i Norges fotballforbund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Hauge meiner det er veldig viktig å hjelpe fram unge dommarar. Han likar ein god balanse mellom eldre, erfarne dommarar og at dei sikrar framtida med å ta vare på unge dommarar.

– Det er fullt mogleg å prøve seg på ein dommarkarriere for dei som er motivert og synest det er kjekt å dømme fotball, seier han.

Han er sjef for ei gruppe som må tole mykje. Likevel opplever dei at unge vil bli dommarar, men der er ei utfordring.

– Vi har 1000 personar som er på kurs for rekrutteringsdommarar kvart år. Av dei satsar 50–100 vidare på dommarrolla. Så på den andre sida mistar vi 900–950 dommarar som ikkje satsar vidare. Vi treng ikkje å rekruttere fleire, men vi må vere flinkare til å ta vare på dei som tek kurs og blir fotballdommarar, seier dommarsjefen.

Han trur at ungdom ikkje taklar rolla og heller vil spele enn å dømme. At dei sluttar på grunn av kjefting og protestar.

– Skal vi lykkast med å ta vare på dommarar, så må dei bli kjende med andre kollegaer og bli ein del av dommarmiljøet. Der kan vi lære av kvarandre, utveksle erfaringar og prate saman om kampar og situasjonar, seier Hauge.

Sivert Orheim

DOMMARTALENT: Dommarsjef Terje Hauge har høyrt om talentet frå Florø. Sivert er sjeldan vare for NFF.

Foto: Fredrik Helland / NRK

For Hauge påpeiker at det er umogleg å vere feilfri som dommar.

– Det blir gjort feil i kvar einaste kamp og det gjeld alle nivå, også i eliteserien av dei beste. Nøkkelen til å bli ein god dommar er korleis du handsamar kampane vidare, etter at du har gjort ein feil eller ei tvilsam avgjersle, seier Hauge.

Han er oppteken av at dommarar ikkje skal dømme på eit høgre nivå enn kva dei taklar og er førebudde på.

– Ha tolmod, ta eit skritt om gangen og hugse at det skal vere gøy, er hans oppmoding til dei som vil satse.

1. omgang

– Hei ja, er de klare for kamp? seier Sivert og helsar på kapteinane. Begge kunne ha vore far hans, men i dag er det han som er sjef på bana.

Publikum på fotballkamp i 6.divisjon

RETTLEIAR: Dan Kåre Esp følger nøye med på debuten til Sivert i 6. divisjon. Undervegs noterer han seg det som skjer og gjer tilbakemelding til Sivert etter kamp.

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

– Eg har ein ting eg vil seie. Eg er åleine her i dag, så når det gjeld offside, så prøvar eg, og tar det eg tar. Men resten – det drit vi i, seier han og ser på kapteinane. Begge nikkar tilbake med eit smil om munnen.

Dommaren ser på klokka, sjekkar at laga er klare og blæs i gong kampen. Dei neste 90 minutta er han sjefen for 22 spelarar. Alle eit hovud høgre enn han. I ei av verdas mest utskjelte roller.

– DOMMAR! skrik dei: – Det må jo vere frispark?

Sivert er tett på situasjonen, men lar seg ikkje påverke av ønsket til spelarane. Han må jamleg nytte fløyta, men førebels er det roleg ute på bana.

– Han spring jo sjølv i han, seier Sivert då dei oransjekledde Eikefjord-spelarane vil ha frispark etter at ein eigen spelar har gått i bakken.

På tribunen sit rettleiaren og skriv flittig. Han følger med på kvar einaste rørsle Sivert gjer. Alt frå kor kraftig han fløytar til korleis han held handa for å vise retning på innkast.

Sivert Orheim dømmer sin første fotballkamp i 6. divisjon

KROPPSSPRÅK: Dommarane må ha eit tydeleg kroppsspråk for å unngå misforståingar.

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

– Mur! seier Sivert tydeleg. Han prøvar å få merksemda til Fure-spelarane som har stilt seg opp. Sivert vil ha dei tre meter lengre bak. Dei lyttar til dommaren og flyttar seg bakover, før dei tek musesteg fram att i det Sivert har snudd seg.

Førebilete

Sivert ser på klokka og løftar fløyta opp til munnen. Eit kort støyt i fløyta. Stillinga etter 45 minuttar er 0–0.

Vi nyttar høvet til å spørje Sivert kven førebiletet hans er. Kvifor starta han med fotballdømming?

– Det må vere onkel Robert, seier Sivert. Han meiner Robert Endestad, fotballdommar, leiar i fotballkrinsen i Sogn og Fjordane og onkel til Sivert.

Så vi måtte høyre kva onkelen syntest om å vere førebilete.

– Det er kjekt å høyre, men eg trur nok at Sivert som er 15 år gammal er betre enn kva onkelen nokon gong har vore, så det er jo også kjekt å sjå, humrar Endestad.

Som krinsleiar er han oppteken av at dei får opp unge dommarar som vil satse.

– Det er jo ei forgubbing i dommarstanden, så dette er naudsynt. Dei jobbar godt i klubbane og i dommarkomiteen med rekruttering, så det lovar godt, seier han.

Robert Endestad

STOLT ONKEL: Robert Endestad er leiar i fotballkrinsen og onkel til Sivert. Han er audmjuk av å vere førebilete til Sivert.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han meiner dei rundt fotballbana har eit særskilt ansvar for å ta vare på dei unge dommarane.

– Det er mykje rart som skjer rundt om. Det er sjikane, det er tilrop frå spelarar, nedsnakking frå trenarar og foreldre. Alle i fotballfamilien må ta tak for å gjere noko med dette – det er eit haldningsarbeid, seier krinsleiaren som har stor tru på at nevøen vil klare seg bra i dommarrolla på seniornivå.

– Han har ein utruleg god regelkunnskap, god fotballforståing og er godt trent. Så han kan klare dette om han berre held fram og har lyst, seier onkelen som er audmjuk over å vere førebilete.

Høyr Robert Endestad fortelje historia om då Sivert var 11 år gamal:

2. omgang

Pausen er over og Sivert startar klokka for nye 45 minutt.

Regnet høljar ned på bana og publikum kan prise seg lykkeleg over at den vesle tribunen med tak. Vel 25 tilskodarar har teke turen til serieopninga.

På bana blir det skrike om ein heit plass godt under jordskorpa. Ein Fure-spelar vil ha frispark. Sivert bles i fløyta, og så kjem reaksjonane.

Dommar Sivert Orheim i ein situasjon der to fotballspelarar kjempar om ballen

PLASSERING: Mykje handlar om å plassere seg riktig i dei ulike situasjonane. Då får dommaren best mogleg innsikt til å avgjere om det er frispark eller ikkje.

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

– Neeeei! skrik dei oransjekledde. Dei er tydeleg ueinige med avgjersla til Sivert. Men Sivert løftar armen og peikar i retning av målet Fure skal skåre på. Fure får frisparket.

Etter kvart som omgangen kjem i gong blir det tydeleg kven som har gjennomført eigentrening gjennom vinteren. Samstundes som spelarane vert slitne blir spelet meir ufint, og kjeftinga aukar. Fleire har ikkje krefter til dei lange løpa, men dei har krefter til å skrike – på dommaren, sjølvsagt.

– Dommar, du må jo sjå den, skrik ein spelar.

– Nei, nei nei, seier Sivert. Han er berre tre meter unna situasjonen og avviser at det skulle vore frispark. Han spring vidare. Han må heile tida vere i nærleiken av ballen, men samstundes ha eit auge på det som skjer rundt seg.

Situasjon Eikefjord Fure

TØFFE TAK: 6. divisjon er kjend for tøffe taklingar og engasjerande munnbruk. Dommarane må til ei kvar tid følge spelet og få med seg situasjonane på bana.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Nytt frispark. Denne gongen til Eikefjorden. Dei startar raskt og spelar opp på venstrekanten, der blir innlegget slått inn og ein oransjekledd spelar stussar ballen vidare. Den går i mål. Det er full jubel på tribunen. Eikefjorden tek leiinga.

– Du må ta av deg ringen, seier Sivert til ein spelar. Det er ikkje lov med smykke på seg under kamp. Det er mykje han skal følge med på.

Det kjem eit kraftig støyt frå fløyta. Ein Fure-spelar har takla ein Eikefjord-spelar. Rett utanfor 16-meteren får heimelaget frispark. Det mange vil kalle ein perfekt plassering.

Protestane er kraftige blant Fure-spelarane. Sivert går mot dei blåkledde som gjer seg klare til å stå i mur.

Fleire gongar har han bedt spelarane roe ned språkbruken, men ikkje alle fekk med seg desse beskjedane.

Det er faen meg heilt ubrukeleg! seier han som takla Eikefjord-spelaren.
Er eg? seier Sivert og ser på Fure-spelaren.
Det kjem ikkje svar, men dei ser kvarandre i auga.
Dommaren drar fram det gule kortet.

Nei, kom igjen då, dommar, seier ein annan Fure-spelar.
Det der er ganske rart, det der må du tole, fortvilar ein tredje Fure-spelar som kjem til.

gult kort

GULT KORT: Ein Fure-spelar fekk gult kort etter munnbruk mot dommaren. Fleire gonger måtte Sivert be spelarane roe ned munnbruken.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Sivert seier ingenting. Han noterer draktnummer og tidspunkt i kampen. Frisparket går over mål. Det blir kanskje ei ekstra treningsøkt på frispark for Eikefjord-spelarane i veka som kjem.

Tida renn ut og to minuttar på overtid bruker Sivert fløyta ein siste gong i denne kampen.

Dei tøffe opplevingane

På måltavla står det 1–0 til heimelaget. Fleire av Fure-spelarane er fortvila over at dommaren blæs av kampen nett no. Ein spelar frå kvart lag har akkurat gått i bakken etter ei takling.

– Du kan ikkje blåse av der, dommar? skrik ein av dei blåkledde Fure-spelarane.

– Det der må jo vere frispark? seier ein annan Fure-spelar fortvila på veg mot dommaren.

Det er stor fortviling blant spelarane til bortelaget. Det er dommaren som blir mottakar for all frustrasjonen. Det kan virke tøft for den unge dommaren, sjølv etter at kampen er ferdig.

Ein som har opplevd tøffe situasjonar på fotballbana er tidlegare toppdommar og psykolog Tom Henning Øvrebø. Han blir imponert når han høyrer om Sivert som vil satse.

– Det er veldig artig at unge vil bli toppdommar, seier den erfarne dommaren. Før han legg til at det er ein lang veg å gå, og dei som vi nå toppen må vere klar for det som vil komme av utfordringar.

Tom Henning Øvrebø

ERFAREN DOMMAR: Tom Henning Øvrebø trekk fram Norway Cup i 1984 som eit av høgdepunkta i karrieren, men seier det har vore ei fantastisk reise. – Det kjekkaste er miljøet vi er ein del av, det var veldig kjekt.

Foto: Per Kjærbye / NTB scanpix

– Han må vere førebudd på dritslenging, det høyrer med dommarrolla, seier Øvrebø.

Sjølv meiner han dommarrolla er 95 prosent moro og resten utfordringar som ein lærer seg å takle. Han har sjølv vore med på vanskelege situasjonar som dommar, til dømes då han dømde semifinalen i Champions League i 2009.

– Det er på mange måtar verre å dømme 6. divisjon på Vestlandet enn å dømme meisterligaen på San Siro eller Old Trafford. På ei lita bane høyrer du alt som blir sagt av spelarar og frå tribunen, medan du på ein stor stadion får du ikkje med deg alt rundt, fortel den tidlegare toppdommaren.

Han meiner Sivert gjer rett i å satse høgt, men legg til at han må ha eit utviklingsperspektiv der han tek kamp for kamp på veg mot det store målet.

– Hugs å ha det gøy! Det er det viktigaste. Og så må du høyre på dei som vil deg vel, seier Øvrebø då vi spør om han har tips til Sivert.

Til Sivert må eg berre seie masse lykke til!

Tom Henning Øvrebø

Øvrebø ser også utfordringa med alt unge dommarar blir utsett for når dei er på kamp. Han er einig med Endestad og Hauge at det må ein haldningsendring til.

Sivert Orheim

SITUASJONAR: Sivert spring fleire kilometer under kvar kamp for å plassere seg best mogleg.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Vaksne personar som sjikanerer og sleng drit må halde seg heime, krev han.

På Eikefjord stadion samlar spelarane seg rundt dommaren. Nokre protesterer framleis, medan andre takkar for kampen. Etter kvart er alle på veg mot garderobeanlegget. Kampen er over – det nyttar ikkje å klage meir no.

– God kamp, Sivert, seier Dan Kåre Esp. Han er komen ut på bana og tek Sivert i handa. Saman ruslar dei opp mot garderoben. No er det rettleiaren som er sjef, og Sivert må rette seg etter tilbakemeldingane frå Esp.

Neste kamp

Etter eit kvarter kjem Dan Kåre ut frå dommargarderoben. Han og Sivert har gått gjennom heile kampen.

Etter kamp

TILBAKEMELDING: Etter kampen snakkar dommaren og rettleiaren gjennom kampen. Seinare sender rettleiaren ein rapport til fotballkrinsen med dommaren på kopi. I rapporten får dommaren poeng ut ifrå prestasjonen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Sivert skal vere veldig godt nøgd med denne kampen. Vi har gått gjennom kampen og snakka om det eg vil han skal jobbe med. Men Sivert skal vere godt nøgd, presiserer Esp.

Etter ein dusj kjem Sivert ut frå garderoben.

– Eg føler det gjekk bra. Det var litt vanskeleg med spelarar som var mykje eldre enn meg, men eg synest det gjekk bra. Dan Kåre er nøgd med meg, så då var det vel bra, smiler Sivert.

Kva er målet ditt?

Det er å dømme Eliteserien og Mesterligaen, svarer han kontant.

Skal du dømme Mesterliga-finalen?

Ja, seier Sivert og blir stille: – Men no er neste kamp gutar 15/17 år Førde-Jotun, eg gleder meg til den.