Amila Adna Adzemovic og Mikhail Sukhanik

HJELP: Elevrådsleiar Amila Adna Adzemovic (10. klasse) og nestleiar Mikhail Sukhanik (8. klasse) ved Vågsøy ungdomsskule seier at trøytte elevar diverre er ei kjent problemstilling: – Ungdom må bli samde med foreldra om reglar for mobilbruk, men også foreldra seg imellom må bli samde om felles reglar, seier dei.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Når mobilen blir viktigare enn skulen

MÅLØY (NRK): Ungdomskuleelevar sovnar i timen, på gangen og på do.

– Elevar som sovnar i timen, er slappe på trening eller må sove etter skulen. Du merkar veldig godt om medelevar får for lite søvn, fortel elevrådsleiar Amila Adna Adzemovic ved Måløy ungdomsskule.

Sosiale medium er endå ein konkurrent for søvnen, skulen og fritida til ungdomen. Og ein ny kamp som foreldra må ta, og vinne, i heimen.

– Må vere online heile tida

Det er matfriminutt for dei 212 ungdomsskuleelevane i Vågsøy. Smarttelefonen dei leverte frå seg før timen, er tilbake i hendene og fingrane går raskt over skjermen i skulegarden. Nettsamfunn som Facebook, Snapchat, Instagram og Musical.ly blir saumfare. Kva har skjedd medan mobilen var i lærarane si «varetekt»?

Slik er det også på kveldstid og nattetid. Det er krevjande å vere ungdom – og heile tida måtte vere til stades der «alle andre» er.

– Folk føler at dei må vere online heile tida. Er du ikkje online og får med deg det som skjer, kjenner du deg utstøytt og utestengd, seier nestleiar i elevrådet, Mikhail Sukhanik, og får samtykkande nikk frå leiaren.

– Generasjonen vår har vakse opp med sosiale medium og mobilar. Vi er blitt vande med å ville vite kva som skjer, seier Adzemovic.

Ber foreldra ta grep

Gammal vane er vond å vende, heiter det. Men det er akkurat det rektoren ved skulen, Kåre Bakke, vil prøve når han reiser rundt i kommunen for å snakke med foreldra i femteklasse om viktigheita av gode rutinar og nok søvn til rett tid.

Kåre Bakke

MØTER FORELDRA: – Du kan ta nettbrettet eller ein mobil frå ein ni-tiåring. Det er for seint når dei er blitt tenåringar, er oppmodinga rektor Kåre Bakke rettar til foreldra i barneskulen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sjølv er Bakke aktiv på Facebook. Han følgjer med elevane på Jodel og utan å ha publisert så mykje som eit komma, har han 140 følgjarar på Instagram.

– Vi ber foreldra vere dei som bestemmer og lager gode rutinar saman med borna. Vi ber foreldregruppa vere samde og samla slik at det å vere forelder ikkje blir ein einsam jobb. Som forelder blir ein ofte køyrt opp mot at «det er berre eg som har det så strengt. Alle andre får vere vakne lenger», seier han.

Starta dagen med kaffi

Bakke har jobba i skuleverket sidan 1987. Han er inne i sitt 11. år som rektor. Sjølv om søvnmangelen gjeld eit mindretal av elevane ved skulen, har alarmbjøllene ringt for lenge sidan.

– Det er alvorleg nok for dei det gjeld, seier rektoren og fortel at skrekkeksempla etter kvart er blitt mange.

Nokre elevar forsøv seg til skulen, sovnar i timen eller på gangen. Enkelte har låst seg inne på do for å ta att tapt nattesøvn, medan andre måtte ha kaffi for å vakne.

– Eg tvilar på at det er normalt at ein 13-14-15-åring må «kveike seg opp» på kaffi for å komme i gang om morgonen. Ein ungdomsskuleelev skal heller ikkje ha behov for ein cowboy-strekk etter skulen. Dette er slikt vi i 50-åra gjer, seier han.

Får større følgjer i dag

Søvnmangel er ikkje noko nytt fenomen. Ein reknar at 10–15 prosent av befolkninga i Norge får for lite søvn. Og vi har gjerne alle hatt det. Kven har ikkje valt Netflix, TV eller dataspel heller enn å lade batteria til neste dag?

Rektor Bakke meiner følgjene er større i dag enn tidlegare.

– Eg tenkjer då på vidare skulegang og arbeidslivet. Det å møte opp og å vere til stades er noko som i alle fall arbeidsgjevarane bryr seg om. Og no som det også er innført tiprosentregel i den vidaregåande skulen, tener det ikkje elevane å skape seg dårlege vanar, seier han.

Tidleg gode rutinar

– Når vi ser det att som ei utfordring i klasserommet her, er det kanskje allereie for seint. Då er det ein tung materie å snu, legg Bakke til.

Søvnmangel fører ikkje berre til trøytte elevar, men gjer dei óg irritable og vanskeleg for dei å konsentrere seg. Det er ein dårleg kombinasjon for ungdom som skal legge grunnlaget for si eiga framtid.

– Manglar du nokre få desimalpoeng for å komme inn på linja du har aller mest har lyst til på vidaregåande, kan det ikkje vere noko god kjensle å vite at det kunne vore ordna om du var litt meir på hogget i skuletida og kanskje fekk betre karakter, seier rektoren.

Forskyvd søvnrytme

Mari Hysing, forskar og psykologspesialist ved UNI Research Helse, kjenner att skildringa frå Vågsøy. Ei undersøking blant 8.300 ungdomar i Hordaland viser at dei i snitt får to timar for lite søvn kvar natt.

Ein «powernap» på maks. 20 minuttar kan fungere bra etter ei natt med dårleg søvn. Problemet er gjerne at du fort blir liggande i timevis.

– Det er ikkje gunstig. Unge bør vere aktiv og ute på dagtid, seier Hysing.

– Men to timar for lite søvn, er det så mykje?

– Ja, det vil eg seie i den alderen. Vi ser at det påverkar viktige sider ved ungdomen sitt liv, som skulekarakter, fråværet og den psykiske helsa.

– Kva med å hente seg inn att i helgane?

– For ungdom er det snakk om så pass mange timar, at det blir vanskeleg. I vår studie såg vi gjerne fem timar forskyvd søvn i helgane. Det svarar til kronisk jetlag, og alle veit kva det gjer med kroppen vår. Søv ein til klokka 12–13 både laurdag og søndag, så er det ikkje lett å komme seg i seng søndag kveld. Då er det betre å vere litt trøytt på søndagen, så ein kjem seg i seng.

Mari Hysing

FORSKAR: Mari Hysing er ekspert på born og søvn, og har skrive fleire artiklar på temaet. – Skal vi gjere noko med det, så må alle saman medverke. Skulane, idrettslag, foreldre og ungdom, seier ho.

Foto: Marit Hommedal

Spesielt ansvar

Forskaren seier seg samd med rektor Bakke i Vågsøy, som ber foreldra hjelpe ungdomane til ein betre søvnrutine.

– Ungdomen er meir «her og no», medan vaksne evnar å tenkje litt lenger fram i tid, seier Hysing og nemner faste leggetider og datafri tid før leggetid.

– Så har foreldra også spesielt ansvar for at eigne barn ikkje sender meldingar eller chatter med andre som gjerne treng meir søvn. Kanskje ein kan innføre reglar for kor seint born kan ta kontakt med andre. Stå i det, og følg det opp, oppmodar ho.

Det ynskjer klassekontakt for 5.-klasseforeldra ved Skram skule i Vågsøy, Wenche Myhre, å prøve på. Sjølv er ho mor til fire frå barneskulealder til godt over 20 år. Yngstejenta har fått fast leggetid og forbod mot telefon og nettbrett på soverommet når ho skal sove.

Myhre ser behovet for felles reglar innanfor foreldregruppa.

– Det er vanskelegare å stogge bruk av mobil, nettbrett og data når du høyrer at «alle andre får jo lov». Som forelder kjenner du presset og du lurer på om det berre er du som seier nei, seier Myhre og trur foreldre i større grad bør setje seg inn i kva borna gjer på nettet.

– Vi har ein travel kvardag og sjekkar ikkje alltid godt nok kva borna eigentleg styrer med og kva dei ulike appane inneber, seier ho og vedgår at ho i dag er langt meir skeptisk til mobilen enn ho var for 20 år sidan.

Wenche Myhre

KJENNER PRESSET: – Det er lettare når dei er åtte-ni år gamle, men blir verre og verre etter kvart som dei blir eldre, og presset blir større og større. For ungane går jo ikkje til kvarandre lenger. Alt går gjennom nettet, seier klassekontakt Wenche Myhre og er glad for initiativet frå rektor Kåre Bakke.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Utanfor soverommet

Hysing fortel at det kan vere mange ting som spelar inn på søvnrytmen til unge. I tillegg til elektroniske «dippeduttar», kan også seine treningar, lang veg til skule, angst og faktisk leksearbeid trekkjast fram som årsaker for at ungdomen kjem seg seint i seng.

Forskaren meiner alle treng ein time til å roe ned før ein skal legge seg. Foreldra har ei avgjerande rolle for at unge gjer det.

– Er TV, data og mobil/nettbrett fy-fy på soverommet?

– Det er ikkje bra for søvnen å ha TV på rommet. Slike ting som vi brukar over lengre tid bør vere i fellesarealet. Alt som er mobilt, vil til tider vere på rommet, så også her må vi finne gode løysingar. Men ideelt sett er også dette ting som bør vere utanfor rom som ein søv i. Det gjeld både vaksne og unge.

Hysing meiner at også vaksne må gå i seg sjølve og sjå på eigne vanar.

– Ein må snakke positivt om søvn. I staden for å skryte over kor lite søvn ein har hatt, bør ein snakke positivt om å kjenne seg opplagt. Har ein TV eller mobil på rommet, ser borna dette. Indirekte seier det noko om betydninga av søvn.

Amila Adna Adzemovic og Mikhail Sukhanik

TILLIT: Amila Adna Adzemovic vedgår at ho brukar mobilen når ho skal legge seg, medan Mikhail Sukhanik (t.h.) seier han berre brukar mobilen som vekkarklokke. – Det går på gjensidig tillit til foreldra, seier åttandeklassingen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Plingar gjennom natta

Tilbake på Vågsøy ungdomsskule nærmar matfriminuttet seg slutten. Mobiltelefonane går tilbake i læraren si varetekt. Dersom ikkje undervisninga krev det, blir elev og mobiltelefon fråskilt til neste friminutt.

Elevrådsleiar Adzemovic vedgår at elevane har for lite kunnskap om følgjene av for lite søvn. Samstundes meiner ho at også elevane sjølve må ta meir ansvar.

– Vi er så pass store no, men dersom foreldre veit at born er oppe veldig lenge er det viktig gjere tiltak. Søvn er ein viktig del av kvardagen, seier ho og tykkjer det er bra at rektor Bakke vil «vekkje» foreldra.

For også på hennar telefon pirrar varsel frå sosiale medium freistinga å sjå kva som skjer. Både dag og natt.

– Mobilen står jo på nattbordet, så då er det jo berre å ta opp telefonen og sjå kva som skjer, seier Adzemovic.

– Du veit mobilen kan ta nattesøvnen din, men har han likevel med deg når du skal legge deg?

– Ja, men eg prøver å avgrense meg. Av og til legg eg telefonen frå meg, gjerne i eit anna rom, for å klargjere tankane før eg skal sove.

Ikkje populært

Verken Adzemovic eller nestleiaren i elevrådet trur innskrenka tilgang til sosiale medium og innsnevra fridom ved leggetid blir populært blant ungdom.

– Men det er viktig at folk tek til seg at søvnmangel kan gå hardt utover deg sjølv. Det er di eiga læring, og konsentrasjonen blir dårlegare om du er trøytt. Du kan sovne på skulen, bli irritabel og gå veldig lett sur, seier Sukhanik.

Rektor Bakke har på si side ei viktig påminning til alle foreldre.

– Foreldra er den viktigaste i livet for ein femteklassing, og oftast er det foreldra seier rett. For ein 14-15-åring er foreldra framleis den viktigaste i livet, men det foreldra seier blir nødvendigvis ikkje oppfatta som rett.