Abraham Vereide med JohN F. Kennedy

TOPPMØTE: Abraham Vereide (f.v.), president John F. Kennedy, senator Frank Carlson, Billy Graham og Lyndon B. Johnson.

Foto: AP Photo

Abraham sine disiplar

Om lag 800.000 nordmenn utvandra til Nord-Amerika. Berre ein av dei sørga for bøn og frukost til alle sitjande presidentar frå 1953 og fram til i dag.

Klokka er litt før halv ti på morgonen 7. februar 2019. Til taktfast applaus kjem ein mann inn på podiet på Washington Hilton Hotel.

Han rettar litt på mikrofonen, ser ut over den fullsette salen, og seier:

«Takk. Eg får æra av å vere her med leiarar frå heile landet og over heile verda, som alle er sameina av ei delt tru på Guds ære og krafta til bøna.»

Mannen som talar om krafta til bøna er president Donald Trump, og han gjer som alle sitjande presidentar sidan 1953, nemleg å vere hovudtalar på «National Prayer Breakfast», den nasjonale bønefrukosten. Utan den norske innvandraren, som står ved sida av John F. Kennedy i biletet øverst, hadde dette aldri blitt noko av.

Trump addresses the annual National Prayer Breakfast

DONALD-FRUKOST: F.v. Senator James Lankford, president Donald Trump, og senator Christopher Coons under bønefrukosten 7. februar i år.

Foto: Brendan Smialowski / AFP

Fekk billett til Amerika

For å forstå kvifor må vi skru tida tilbake til februar 1905. Til paktarbustaden på prestegarden på Vereide i Gloppen:

19 år gamle Abraham Vereide må tenke fort. Ei nabojente har blitt forhindra frå å reise og har plutseleg ein ledig billett med amerikabåten.

Kanskje er dette Gud har forsøkt å seie han? At han må ta imot billetten frå ho som ikkje kan reise likevel?

«Ja», seier faren.

Det var ingen i Amerika som visste kven den gudfryktige Abraham var då han kom til Ellis Island utanfor Manhattan. Han reiste straks vidare til den vesle byen Butte i Montana. Der kom han inn i metodistkyrkja og blei raskt ein del av eit miljø som prega han resten av livet.

Etter ei tid som omreisande predikant utdanna han seg til prest. Men framleis var han berre ein av mange tusen norske innvandrarar, og langt unna dei med makt. Snarare tvert imot.

I 1916 sette han og kona, prestedottera Mattie Hansen, kursen for Seattle, som ligg heilt nordvest i USA. Under gullrushet før 1. verdskrig strøymde folk til byen, men ikkje alle fann gull. Store delar av byen var prega av slum, alkoholisme og fattigdom.

Inn i denne verda kom Abraham og Mattie med trua på at dei skulle berge i alle fall nokon ut av naud, svolt og rus. Med Bibelen i handa oppsøkte ekteparet dei som var lågast på rangstigen og som ikkje tok del i den amerikanske draumen.

Asbjørn Gjengedal på prestegarden på Vereide i Gloppen.

OPPVEKST: Asbjørn Gjengedal på tomta der barndomsheimen til Abraham Vereide stod. Gjengedal har skrive biografi om slektningen sin.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Han blei etter kvart så oppteken av å hjelpe dei som hadde det vanskeleg at han gjekk heilt over til eit sosialt arbeid, fortel Asbjørn Gjengedal, som har skrive bok om Vereide.

Fekk råd av rik mann

Men rett som det var følte Abraham Vereide at han stanga hovudet i veggen. For kvar fallen sjel han klarte å få ut av fattigdom, stod ti nye i kø. Det var ingen ende.

Kva var det kristne svaret? grubla han. Korleis kunne han best spreie evangeliet? Nedanfrå og oppover, på gateplan?

Eller var løysinga å starte i den andre enden, på toppen?

Ein dag møtte han på ein av dei rikaste i Seattle.

– Heile landet held på å gå i hundane, og de prestar gjer ikkje noko med det, sa mannen til Vereide.

– Kva skal vi då gjere?, spurte Abraham.

– De kan til dømes jakte på slike karar som meg, svara han, og råda nordmannen til å bruke kreftene sine på å rettleie dei med makt.

Vereide var ikkje vond å be. Tanken hadde allereie modna. Evangeliet måtte spreiast ovanfrå.

Seattle, 1939. 6th Avenue South Garbage Fill and shacks in shantytown

SLUM I VEST: 6th Avenue i Seattle i 1939. Byen var i mange år prega av fattigdom, slum og eit stort klasseskilje.

Foto: Seattle Municipal Archives.

– Han inviterte då leiarar og bedriftseigarar i Seattle. Dette var opptekne folk, så for å få dei samla måtte det skje om morgonen, seier Gjengedal.

Ei regjerande klasse

Frå 1935 blei Vereide ein stadig viktigare samtalepartnar og rettleiar for dei rike og mektige. Ein visjon tok form, skriv den amerikanske journalisten Jeff Sharlet: Å skape «ei regjerande klasse av Kristus-engasjerte menn, samanbundne i eit fellesskap».

Sharlet er forfattar av boka The Family, som Netflix-serien ved same namn er bygd på. Gjennom fem episodar blir sjåarane tatt med bak kulissane til «The Fellowship Foundation». Her er fokuset mest på Vereide sin etterfølgjar, Doug Cole.

Visjonen om ei regjerande klasse av Kristus-engasjerte menn hadde og brodd mot den «gudlause kommunismen», som breidde seg etter 1. verdskrigen. Slik gjekk åndskamp og kampen mot den raude fare opp i ei høgare eining.

– Kristus-sentrerte menn skulle styre og «militante» fagforeiningar skulle knusast, skriv professor Diane Winston i ein artikkel på museet Smithsonian si heimeside.

Midt i denne spirituelle og ideologisk kampen posisjonerte Vereide seg. Saman med familien reiste han lengre og lengre austover i USA. Og dess nærare han kom hovudstaden, dess mektigare var mennene han blei kjend med.

Til slutt var han i kretsen til den legendariske predikanten Billy Graham og Kansas-guvernør Frank Carlson. Saman starta dei «The Fellowship Foundation», eller «The Family», som organisasjonen er mest kjend som i dag.

Ein organisasjon som i det stille skulle sørge for at dei med mest makt skulle kome saman for å vedkjenne seg Kristus – og for å finne løysingar for eit moderne Amerika.

Kennedy Graham

FRUKOSTGJESTER: Abraham Vereide (bak) saman med Billy Graham, John F. Kennedy og Harry S. Truman på bønefrukost.

Foto: John Rous / AP
Nordmannen Abraham Vereide var mannen som starta organisasjonen som står bak «National Prayer Breakfast» i USA.

Sa ja etter mykje nøling

Gjennom 1940-åra blei organisasjonen til Vereide stadig mektigare, men det var først vinteren 1953 at han og «The Fellowship Foundation» nådde heilt til topps.

Historia seier at den nyvalde presidenten Dwight D. Eisenhower fyrst nølte då han fekk invitasjon til å leie ein «bønefrukost», der dei mektigaste skulle få mat og be i lag.

Norskamerikanaren og hotellkongen Conrad Hilton var med på notane og stilte ein av salane sine til disposisjon. Men var dette noko ein president skulle kaste glans over?

Først etter at Vereide og kompisen Billy Graham tok fram sine beste overtalingskunstar, kom det eit ja frå president Eisenhower.

Og sidan har ingen sitjande presidentar våga å seie nei til å vere med på ei av dei største årlege hendingane i amerikansk kristenliv.

Møttest ved pissoaret

Det er ikkje mange nordmenn som har vore aktive deltakarar i bøneprosjekta Vereide sette i gong. Ein av dei er tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF)

– Eg har lest om Vereide, og synest det er inspirerande. At ein nordmann hadde ein slik visjon om å virke blant leiarar for å fremje kristen tenking, er fascinerande.

Hans eiga tilknyting til bevegelsen går via eit mangeårig kjennskap til etterfølgjaren til Vereide, Douglas Cole

– Eg trefte han allereie då eg var ung politikar. Han var ein beskjeden mann på eigne vegner, og gav aldri uttrykk for nokre politiske synspunkt overfor meg. Men han ønskte at kristne og andre religiøst truande skulle komme saman, dele erfaringar, bibelllesing og bøn, og gi personlege bidrag til forsoning mellom leiarar i politiske konfliktar.

Bondevik fortel om «eit imponerande nettverk verda rundt».

– Eg registrerte aldri at han såg ein motsetnad mellom å jobbe humanitært og for sosial rettferd på grasrota eller på leiarnivå. Dei store bønefrukostane i Washington var til inspirasjon. Men han var sjølv vel så opptatt av samvær i små grupper.

OSLO 19991103: Statsminister Kjell Magne Bondevik sjekker om utenriksminister Knut Vollebæk har fått flere grå hår etter at toppmøtet i Oslo var i havn. Foto: Bjørn Sigurdsøn, SCANPIX

Ikkje mange nordmenn har vore aktive deltakarar i bøneprosjekta Vereide sette i gong. To av dei er Knut Vollebæk og Kjell Magne Bondevik.

Foto: NTB Scanpix

Ein annan som har som har vore aktive deltakarar i bøneprosjekta til Vereide er Knut Vollebæk (KrF).

Han kallar Vereide «ein føregangsmann og ein nytenkar i amerikansk kristenliv».

– Den historia eg har høyrt er at Vereide stod ved pissoaret i University club, og kom i kontakt med ein ved sidan av, som straks inviterte han til Kongressen.

Då Vollebæk var USA-ambassadør frå 2001 til 2007 deltok han ved ei rekkje høve i samlingar i regi av «The Family», derunder den store, nasjonale bønefrukosten.

I Netflix-serien påstår forfattaren og journalisten Jeff Sharlet at bak fasaden handlar dette mindre om bøn i det stille – og meir om makt og politikk. Eit tema som også Dagbladet tok opp i 2004.

– Det er eit nettverk av politikarar. Først og fremst frå den konservative høgresida i USA, som kjem saman i Jesu namn. Nettverket handlar om makt, og i deira eigne papir så står det at målet er eit leiarskap styrt av Gud på alle nivå av samfunnet.

Det sa den tidlegare Dagbladet-journalist Tore Gjerstad i eit intervju med P2 i haust. I dag er Gjerstad journalist i Dagens Næringsliv.

Knut Vollebæk kjenner seg ikkje igjen i det som kjem fram i Dagbladet og i Netflix-dokumentaren. Han vil gjerne avmystifisere det han ganske enkelt kallar «eit kristent fellesskap» med ein «åndeleg støttefunksjon».

I dag er den tidlegare toppolitikaren pensjonist og er med og driv ein språkkafé for flyktningar i Uranienborg kyrkjelydshus i Oslo.

– Menneske som er vande til å fatte avgjerder har godt av å sjå verda nedanfrå. Kristendommen går begge vegar. Både opp og ned. Verda lèt seg ikkje revolusjonere berre ovanfrå, seier Vollebæk.

Dokumentarserien The Family (Netflix) er regissert av Jesse Moss.

Knut Vollebæk kjenner seg ikkje igjen i påstandane som kjem fram i Netflix-dokumentaren The Family.

Foto: Netflix

Revolusjonerte verda ovanifrå

Utan Abraham Vereide hadde ikkje «The Fellowship Foundation» blitt noko av.

Korleis vart bondesonen frå Nordfjord ein av dei mektigaste Jesus-lobbyistane i det moderne USA? Og kva for personlege eigenskapar hjelpte ham i arbeidet med å spreie evangeliet ovanifrå?

– Det frimotet han fekk i arbeidet kunne til tider gje seg utslag i ein oppførsel som vi vanlegvis ville kalla uhøfleg, seier niesa hans, Alvhild Glomnes, i eit nyleg publisert intervju med den norske frilansjournalisten Åsmund Brøvig

Andre skildrar han som frekk og pågåande, men at han samstundes hadde ein autoritet og karisma som var få andre forunnt.

– Det var aldri enkelt å få audiens hos dei høge herrane som han gjerne ville snakke med. Han blei gjerne møtt av ein sekretær som fortalde at sjefen hennar var opptatt i eit viktig møte. Då takka han for svaret og gjekk likevel beint inn, seier Glomnes i intervjuet som nyleg blei publisert på YouTube.

Ein mann av motsetnader

For Abraham Vereide var det ei lang reise frå småkår i Gloppen til frukostbordet med amerikanske presidentar. Og han gløymde aldri gamlelandet. Han var på besøk i Noreg ei rekke gonger.

Sjølv om namnet hans i dag er uløyseleg knytte til danninga av det religiøse maktnettverket «The Family», var han aller mest opptatt av sin eigen familie og dei svakaste i samfunnet rundt han.

Sonen, Abraham Jr., døydde i 1998. I eit intervju på YouTube fortel han mellom anna om korleis faren var travel, men likevel tok seg tid til det han meinte var viktig.

– Ei oppleving frå denne tida var då han besøkte ei dame i Seattle-området. Eg hugsar at vi gjekk ned trappene til kjellarleilegheita hennar. Ho leid av smerte, leddgikt og eit kraftig handikap. Han sa at ansiktet hennar strålte likevel, og at han kunne kjenne Herrens nærvær. Far besøkte ho, men han fekk kanskje meir ut av det, enn det ho gjorde.

Abraham Vereide døydde 16. mai i 1969, vel vitande om at han nådde heilt til topps i det amerikanske samfunnet.