Hopp til innhold

Forsvararen taus om sikta sin reaksjon - trippeldrapssikta rekna som tilrekneleg

Den 31 år gamle mannen som er sikta for å ha knivdrepe tre personar på Valdresekspressen i fjor, vert av dei sakkunnige rekna som strafferettsleg tilrekneleg.

Rapport viser at den sikta etter trippeldrapa i Årdal var strafferettsleg tilrekneleg.

Slik reagerer bistandsadvokat og forsvarar på rapporten som syner at 31-åringen er strafferettsleg tilrekneleg.

– Dei sakkunnige antek at han ikkje var utilrekneleg på gjerningspunktet, og vi vil no gå gjennom rapporten frå dei, seier forsvararen til den sikta sør-sudanaren, Fredrik Verling.

I rapporten frå dei sakkunnige kjem det fram at dei meiner mannen ikkje var psykotisk, og kan straffast for trippeldrapet på Valdresekspressen i november.

Verling ynskjer ikkje å kommentere korleis den sikte 31-åringen reagerte på rapporten, og heller ikkje om mannen vil la seg avhøyre av politiet. Han seier at det per i dag ikkje er aktuelt å be om ein ny sakkunnig rapport.

– No skal den rettsmedisinske kommisjon også gå gjennom rapporten og kome med merknadar. Vi får sjå kva dei kjem fram til, om vi vil be om ei ny vurdering får vi vurdere etter det.

Bussen i Årdal blir frakta vekk

SKULLE TIL OSLO: Valdresekspressen var på veg på riksveg 53 frå Årdal til Oslo då drapa skjedde.

Foto: Øyvind Bye Skille/NRK

Grundig vurdering av tilstanden

Dei tre utnemnde rettspsykiatrisk og rettspsykologisk sakkunnige i straffesaka mot mannen, som er sikta for dei tre drapa på Valdresekspressen ved Holsbru 4. november 2013, ferdigstilte rapporten sin til Sogn tingrett 30. april 2014. Rapporten vart kjend for politiet måndag 5. mai.

Dei sakkunnige har som oppdrag å vurdere om den sikta var psykotisk, medvitslaus eller psykisk utviklingshemma i høg grad på gjerningstidspunktet.

– Mannen har vore til judisiell observasjon av to psykiaterar og ein psykolog. Dei har hatt som oppdrag å vurdere om han var strafferettsleg tilrekneleg på gjerningspunktet, seier politiadvokat ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Jørn Lasse Refsnes.

Meiner han ikkje var psykotisk

Sør-sudanaren i 30-åra er sikta for å ha drepe bussjåfør Arve Kvernhaug (55) frå Bagn, Brahim Khouya (53) frå Göteborg og Margaret Molland Sanden (19) frå Årdalstangen med kniv om bord på Valdresekspressen 4. november i fjor.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes seier at konklusjonen til dei sakkunnige i trippeldrapssaka har mykje å seie for kva påstand påtalemakta kjem med. (Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK)

Mannen har i tida som har gått etter drapa nekta å la seg avhøyre, og vil ikkje vedkjenne seg det som har skjedd. Mannen hadde fått avslag på søknaden om opphald i Norge og skulle sendast ut av landet.

– Den sikta har også vore underlagt tvungen observasjon ved St. Olavs Hospital i Trondheim i 12 veker. No har de sakkunnige konkludert. Dei meiner at mannen ikkje var psykotisk på tidspunktet for dei påklaga handlingane, seier Refsnes.

Det har teke relativt lang tid å få klar rapporten, då den sikta mannen ikkje har vore spesielt samarbeidsvillig.

Psykiatrisk sakkyndige Dan Tungland og Gunnar Johannessen

SAKKUNNIG: Gunnar Johannessen er ein av dei tre sakkunnige som har observert den trippeldrapssikta mannen frå Sør-Sudan.

Foto: John Gunnar Skien / NRK

– Det varierer kor lang tid som vert sett av til observasjon. I denne saka var det sett av 12 veker fordi han var så lite samarbeidsvillig, sa ein av dei sakkunnige, Gunnar Johannessen til NRK.no i februar.

Er strafferettsleg tilrekneleg

Dei sakkunnige har komme fram til følgjande konklusjon: «Vi antar at observanden ikkje var psykotisk på tida for de påklagede handlingane».

Konklusjonen er den same med omsyn til medvitsløyse og psykisk utviklingshemming i høg grad. Dette inneber at dei sakkunnige konkluderer med at den sikta var strafferettsleg tilrekneleg.

Konklusjonen er samstemd, og dei pårørande til offera i saka er varsla.

Dei sakkunnige konkluderer med at den sikta heller ikkje var psykotisk under observasjonen, og at han på gjerningstidspunktet ikkje hadde ei alvorleg psykisk liding med vesentleg svekka evne til realistisk vurdering av forholdet sitt til omverda, ikkje er lettare psykisk utviklingshemma og ikkje handla under sterk medvitsforstyrring.

Har stor betydning for påstanden frå påtalemakta

– Det har heile tida vore viktig for politiet å gå best mogleg og best mogleg opplysningar om korleis den psykiske tilstanden til den sikta var på det tidspunktet der politiet meiner at han gjorde desse handlingane, seier Refsnes.

Spørsmålet om den sikta er tilrekneleg eller ikkje har stor betydning for kva straff eller reaksjon påtalemakta kan påstå i ei eventuell straffesak.

– I norsk rett er det slik at dersom ein kjem fram til at ein gjerningsmann var tilrekneleg på gjerningstidspunktet, så vil han kunne bli straffa etter alminnelege reglar, seier Refsnes.

Viss den sikta derimot hadde vorte vurdert som utilrekneleg, så ville han ikkje kunne straffast for ugjerninga.

– Då skal ein eigentleg ikkje ta ut tiltale med krav om straff. Då vil det eventuelt vere at retten kan dømme mannen til tvunge psykisk helsevern, seier Refsnes.

(Artikkelen held fram under videoen)

Måndag 4. november tek ein mann livet av tre personar på Valdresekspressen. Dokumentaren fortel om den dramatiske hendinga frå første naudmelding kom inn til alarmsentralen, til Årdal-samfunnet samla seg i sorg framfor kommunehuset dagen etter.

Trur saka kjem opp like over sommarferien

Når ein eventuelt tiltale mot sør-sudanaren kan komme, har ikkje Refsnes noko svar på.

– Det står framleis att for påtalemakta å vurdere spørsmålet om tiltale. Dette er noko som skal særskilt vurderast, og i den vurderinga er utsegnene frå dei sakkunnige viktige. Men påtalemakta må gjere sjølvstendige vurderingar før ein kan konkludere med kva som vert utfallet, seier Refsnes.

Han held likevel fast på tidsperspektivet som politiet tidlegare har skissert.

– Vi skal gå i gang med å gjere våre vurderingar. Vi ser for oss at saka kjem opp like over sommarferien, altså på hausten, seier Refsnes.

Refsnes kan ikkje seie noko om kva som er årsaka til at dei sakkunnige har vurdert mannen i 30-åra som tilrekneleg.

– Det er noko som dei sakkunnige sjølve må gjere greie for. Dei signala eg har fått frå dei, er at dei ikkje kjem til i å uttale seg om det før saka kjem for retten, og dei skal forklare seg der, seier Refsnes.


Har fått fire nye veker i varetekt

Rapporten vert send til Den Rettsmedisinske Kommisjon for vurdering.

Politiet ønskjer ikkje å gje ytterlegare opplysningar om innhaldet i rapporten. Politiet vil også vurdere om innhaldet i rapporten gjer det naudsynt med einskilde nye etterforskingsskritt. Etterforskinga er elles i det store og det heile avslutta.

Den trippeldrapssikta mannen i 30-åra er varetektsfengsla i fire nye veker med brev- og besøkskontroll frå 5. mai 2014.

Fredrik Verling er forsvarar for den trippeldrapssikta mannen. Det har førebels ikkje lukkast NRK.no å få kontakt frå Verling.

Trur det er bra for alle partar

Årdalsordførar Arild Ingar Lægreid er letta over konklusjonen i rapporten frå dei sakkunnige.

– Eg tykkjer det er bra at han kan straffast for det forferdelege han har gjort, seier Lægreid.

Arild Ingar Lægreid

EI LETTE: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, kjenner ei lette over konklusjonen i rapporten frå dei sakkunnige.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han legg ikkje skjul på at drapa i november i fjor har prega Årdals-samfunnet, og at ein har venta på kva utfallet av rapporten skulle bli.

– Den umiddelbare tanken min er at det er bra at han kan straffast for det han har gjort, seier Lægreid.

Han legg til at med ei rettssak kan ein på ein måte få ei avslutning på saka som har prega bygda sidan november.

– Når det gjeld dei som er råka, så får dei sjølvsagt aldri noko skikkeleg avslutning på dette. Men eg trur det er bra for alle partar at den sikta er rekna som tilrekneleg og kan bli straffa for det han har gjort, seier Lægreid.

Pårørande er tilfredse med at rapporten er klar

Maria Kirkeeide Ravnå er bistandsadvokat for familien til Margaret Molland Sanden.

– Det utgjer eit viktig premiss for den vidare handsaminga av saka, og det vil truleg ha stor betydning for den vurderinga som påtalemakta no skal til med når det gjeld tiltale i saka, seier Ravnå.

– Kva betyr dette for din jobb som bistandsadvokat?

– Det er viktig at rapporten er klar og at ein veit kva ein har å halde seg til, seier Ravnå.

Ho fortel at familien tek rapporten til vitande.

– Dei er tilfredse med at rapporten er komen, og letta over at ein kjem eit steg vidare i saka, seier Ravnå.

Viktig for å komme vidare

Ho fortel at familien håpar rettssaka kan komme i gang like over sommarferien.

– Det betyr mykje for familien. Det er viktig for dei at saka kjem opp så raskt som råd. Det er viktig for å kunne komme seg vidare. Dei veit at dei skal gjennom rettsforhandlingane, og ser det som ein fordel at dei slepp å vente altfor lenge på det, seier Ravnå.

Ragna Bang er bistandsadvokat for familien til Arve Kvernhaug, men har ingen kommentar til rapporten.

– Dei pårørande har sagt til meg at dei ikkje ønskjer å kommentere dette i media, seier Bang til NRK.no.