Hopp til innhold

Må leggje andre store saker til side - politiet må prioritere trippeldrapssaka

Mange av dei større og tyngre sakene politiet i Sogn har jobba med sidan i sommar, er lagde på vent. No nyttar dei alle ressursar tilgjengeleg for å komme i mål med trippeldrapssaka i Årdal.

Ulykker

KREVJANDE: Etterforskinga av Gudvangatunnelen (t.v.) og dødsulykka på riksveg 55 i Fardal er lagd litt på vent, medan ein prioritere trippeldrapssaka i Årdal.

Foto: Marit Hommedal, Cornelius Poppe, Christian Blom / NTB Scanpix/NRK

– Vi har måtte leggje ein del andre saker til side. Det er det ikkje tvil om. Vi hadde ein del andre alvorlege saker, iallfall her i Sogn, før dette skjedde, stadfestar regionlensmann i Sogn, Åge Løseth.

Politiet i Sogn har hatt hand om mange tunge saker sidan i sommar. Mellom anna har dei jobba med saka etter Gudvangatunnelen, der ein semitrailer tok fyr inne i tunnelen 5. august.

Til alt hell omkom ingen i hendinga, men over 70 menneske vart sende til sjukehus med røykskadar.

Tidkrevjande etterforsking

Seinare har det også komme fram at den polske sjåføren av vogntoget skal ha hatt problem lenge før han nådde Gudvangatunnelen. Sogn tingrett bestemte difor at lastebilsjåføren ikkje får att førarkortet før saka mot han er avgjort.

13. august omkom to kvinner då to bussar, ein norsk og ein svensk, kolliderte på riksveg 55 ved Fardal i Sogndal kommune.

Også dette har vore ei tidkrevjande og stor sak å etterforske, mellom anna fordi det var svært mange involverte, både vitne og skadde.

Då mange av vitna kom frå utlandet, vart det gjennomført rettslege avhøyr, slik at desse kunne brukast i ei hovudforhandling.

Vil prøve å ta det innatt

Den 54 år gamle svenske bussjåføren er sikta for aktlaus køyring.

Politiet var i midten av oktober i sluttfasen av etterforskinga, og då trudde ein at saka kunne komme opp i retten allereie i midten av desember. Dette tidspunktet er no utsett til februar.

I tillegg har politiet i Sogn rulla opp fleire saker innan vinningskriminalitet og narkotika som dei ikkje har fått sett endeleg punktum for.

– Det har ramma oss litt, men vi skal prøve å ta det inn att i løpet av vinteren, seier Løseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Den svenske turistbussen som frontkolligerte i Fardal, Sogn og Fjordane

MYKJE ARBEID: Etterforskinga og avhøyra etter dødsulykka på riksveg 55 i Fardal var krevjande.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Vert ikkje ferdig i 2012

Det er i dag over tre veker sidan kvelden då ei 19 år gammal kvinne og to menn i 50- vart knivdrepne på Valdresekspressen. Ein 30 år gammal asylsøkjar frå Sør-Sudan er sikta i saka.

Løseth ser bort frå at etterforskinga av trippeldrapet på Valdresekspressen vert ferdig i 2013.

– Det kjem ikkje til å skje. Vi skal ha komme veldig langt til nyttår. Men det er ein del ting som tek tid, og som vi må vente på, seier Løseth.

Saka vert jobba med av ei etterforskingsgruppe på ti-elleve faste folk som har jobba fast med saka sidan 5. november.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åge Løseth

TEK TID: Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, håpar dei klarar å ta inn att det tapte over nyttår.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi har ikkje akkurat hatt arbeidsdagar frå 8 til 16, så folk merkar nok det. Men dette er ei alvorleg sak, og vi vil bruke det vi må av ressursar og krefter på å få så mange svar som mogleg, seier Løseth.

Håpar å få avhøyrt den sikta neste veke

Politiet har fått beskjed om at det heller ikkje denne veka vert avhøyr av den trippeldrapssikta.

– Det vi jobbar mot og håpar å få til, er eit avhøyr i løpet av neste veke, seier Løseth.

– Har de fått beskjed om dette er sannsynleg å få til?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere. Vi ventar og ser kva som skjer, seier Løseth.

Den drapssikta sør-sudanaren er innlagd på den psykiatriske klinikken Sandviken sjukehus i Bergen, og har førebels ikkje gått med på å late seg avhøyre av politiet.

– Kva betyr det for politiet at de enno ikkje har fått avhøyrt mannen?

– Det er uheldig, og vi skulle svært gjerne hatt det avhøyret på plass. Men vi må halde oss til faktum. Vi må etterforske ut frå at vi førebels ikkje har fått vedkommande si forklaring, seier Løseth.

Tek høgde for at dei aldri får forklaring

Politiet tek i etterforskingsarbeidet sitt høgde for at dei kanskje aldri får noko forklaring frå den sikta mannen.

– Vi kan aldri sjå bort frå det i noko sak. Ein som er sikta i ei straffesak i Norge, har ikkje noko plikt til å forklare seg. Så i denne saka har vi teke høgde for at det kan skje, og difor lagt til rette for ei svært grundig etterforsking frå første dag, seier Løseth.

Han legg til at politiet følgjer dei planane som dei har lagt, heile vegen.

– Vi har hatt god framdrift og godt trykk på etterforskinga, og det er ei motivert og godt etablert etterforskingsgruppe. Etterforskinga har komme langt, men vi er ikkje ferdige. Det står framleis att ein god del arbeid, seier Løseth.

Trass i iherdig arbeid med å få avhøyrt vitne i saka, er politiet framleis ikkje i mål.

– Det er gjennomført veldig mange vitneavhøyr. Einskilde av dei er avhøyrde både to og tre gonger. Det står likevel att ein del vitneavhøyr i tillegg til supplerande vitneavhøyr, seier Løseth.