Bussjåfør Arve Kvernhaug busett i Bagn i Valdres, fødd i 1958, vart knivdrepen på bussen. Kvernhaug var opphavleg frå Buskerud.
Den tredje mannen som vart drepen, er Brahim Khouya, svensk statsborgar busett i Gøteborg, fødd i 1960.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Den sikta mannen er ikkje avhøyrd
Dei tre vart drepne etter at ein mannleg asylsøkjar tok seg inn i Valdresekspressen måndag kveld. Mannen frå Sør-Sudan er arrestert for trippeldrapet, og er framleis på Haukeland universitetssjukehus der han vart innlagt måndag kveld med lettare skadar.
– Mannen er førebels ikkje avhøyrt. Vi har difor lite opplysingar om kva som kan ha vore motiv for drapa, seier Refsnes.
Politimester i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden, stadfestar at den 30 år gamle asylsøkjaren skulle vore send ut av Norge i dag.
Mannen søkte om asyl i april, og fekk avslag på denne i juni, etter Dublin-forordninga.
– Det betyr at han har søkt asyl i eit anna land tidlegare, og skulle sendast tilbake til Spania, seier assisterande direktør i Hero asylmottak, Tor Brekke.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: