Hopp til innhold

Andre kapring på ti år på Valdresekspressen - to bussjåførar har mista livet

For andre gong på 10 år har Valdresekspressen blitt kapra – og to bussjåførar er drepne.

valdresekspressen

FOR ANDRE GONG: Dette biletet er frå kapringa for ti år sidan. Då forskansa ein utlending seg på bussen i mange timar.

Foto: NRK

– Det er vanskeleg å finne ord for det som no har skjedd igjen. Eg blir nesten stum, seier disponent Kristoffer Kvame i AS Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap til NRK.no.

Ei kvinne og to menn er stadfesta drepne etter at Valdresekspressen er kapra mellom Årdal og Tyin i kveld. Gjerningsmannen, ein mann i 30-åra, skal vere arrestert og teke hand om av helsepersonell.

Frykta det verste

Kvame stadfestar at bussjåføren som er drepen høyrer til selskapet. Mannen er i 50-åra og frå Valdres.

– Han har køyrt buss i veldig mange år. Dette er berre heilt tragisk. Ei forferdeleg hending, seier han.

Måndag kveld var Kvame ved åstaden på fylkesveg 53 ved Holsbruvatnet mellom Årdal og Tyin.

– Det var media som kontakta meg. Eg hadde ikkje fått beskjed frå andre. Eg prøvde å ringje sjåføren, men fekk ikkje kontakt. Eg kasta meg i bilen og køyrde opp på fjellet. Då eg høyrde om kapringa, frykta eg det verste, men håpa det beste.


(Artikkelen held fram under biletet)

Intervju med busselskapets talsmann

Truga passasjerar og drap sjåføren

I februar 2003 blei ein bussjåfør drepen med kniv då ein 26 år gamal utanlandsk mann kapra bussen i Fagernes.

Dei 34 passasjerane blei vitne til at mannen truga og stakk ned sjåføren. Etter å ha stukke ned sjåføren, truga han passasjerane. Dei flykta bakover i bussen og klarte å komme seg ut ein naudutgang.

Gjerningsmannen forskansa seg i bussen i mange timar og etter ein væpna aksjon med gassgrantar, blei mannen arrestert.

Skal ha minnestund i morgon

Med to nesten identiske saker på ti år, tenkjer disponent Kristoffer Kvame på tryggleiken til sjåførane.

– Dette får ein jo til å tenkje, seier han.

I løpet av kvelden har selskapet vore i kontakt med alle som køyrer ekspressbuss for dei.

– Vi skal ha samling med sjåførane klokka 09:30 tysdag føremiddag på Fagernes.

– Blir nokre ruter innstilte etter det som har skjedd?

– Nei, vi prøver å la det gå så normalt som mogleg, men det er klart dette er ein trist dag for oss, seier han.