Hopp til innhold

Vurderer å selje norsk epledram i Tyskland

BERLIN (NRK): Besøkande på matmessa Grüne Woche i Berlin har lagt sin elsk på sider og epledram frå Balestrand.

Ciderhuset syner fram sine produkt i Berlin.

INTERNASJONALT: Ciderhuset i Song med Eli-Grete Høyvik i spissen har fått gode tilbakemeldingar på sideren og epledramen dei har med seg til Berlin. No vurderer dei å satse på internasjonal lansering.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Vi luktar litt på det, å eksportere sider og epledram. Vi kan ikkje konkurrere på pris, for det er høgare kostnadar i Noreg. Er det eksklusive produkt så er det likevel interesse for det, seier Eli-Grete Høyvik i Ciderhuset.

Familieverksemda i Balestrand har nok ein gang innteke Berlin. Saman med andre produsentar frå land og strand syner dei fram sine produkt og byr på smaksprøver. Og dei nær 400 000 besøkjande som er innom messa likar det sogningane hell opp i glaset.

Grune Woche i Berlin

MANGE DELTAKARAR: Fleire hundre lokale matprodusentar stiller ut produkta sine på matmessa Grüne Woche i Berlin.

Foto: Jannicke Farstad

– Ummm, seier dei og gjev oss veldig gode tilbakemeldingar, seier Høyvik.

Krev hardt arbeid

Frå 1. juli 2016 fekk norske produsentar løyve til å selje cider og anna alkoholhaldig drikke på inntil 22 % alkohol frå eigne gardsutsal. Varene er også å finne på Vinmonopolet, men no ser Ciderhuset på sjansane til å nå endå lenger ut.

– Vi merkar at mat og drikke frå Noreg blir oppfatta som rein og naturleg. Den tyske marknaden har veldig stort utval av drikkevarer sjølve, men hadde vi fått berre ein prosent av den marknaden, så er det likevel veldig veldig mykje, seier ho.

Og nokre produsentar har så smått starta å prøve seg i den tyske marknaden. På eit av dei største varehusa i Berlin kan ein få kjøpt øl frå Trondheim, fortel Petter Nome i Bryggeri- og drikkevareforeningen. Han trur ein kan lukkast om ein jobbar hardt.

Petter Nome

SUKSESSKRITERIUM: Med gode produkt og kontaktar kan ein nå langt, også i utlandet, meiner Petter Nome i Bryggeri- og drikkevareforeningen.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Det gjeld å ha kontaktar som har tru på produktet. Linjeakevitt er stort mellom anna, og norsk spritproduksjon er godt kjent. Ein er avhengige av nokon som kan jobbe opp mot utelivsaktørar, butikkar og kundar, seier han.

Lang veg å gå

Og eplesider og epledram frå Balestrand er noko som kan slå an, trur Nome.

– Dei er seriøse og har gode produkt.

Om dei hoppar i det er likevel uvisst, for mykje må kome på plass om dei skal lukkast.

– Vi må vurdere kor langt vi skal transportere mellom anna. Men rammeverket i Noreg er utfordrande, så eksport er interessant å sjå nærare på. Vi ikkje vekk frå det, seier Høvik.