NRK Meny
Normal

I dag kunne dei skåle for dei nye ciderhusreglane

Frå i dag kan du kjøpe alkohol med styrke opp til 22 prosent hos ei rekkje gardsprodusentar rundt om i Norge. På Ciderhuset i Balestrand er gleda stor over at dei nye reglane er sett ut i livet.

Endeleg kan dei sprette sin finaste cider på Ciderhuset i Balestrand.

SKÅLA FOR NY LOV: Åge Eitungjerde, Eli-Grete Høyvik og Gard Eitungjerde Høyvik skåla på Ciderhuset då det blei klart at reglane ville bli endra.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

– Det tykkjer vi er veldig kjekt. Vi skreiv det første brevet til helseministeren i 2003, og no er vi endeleg i mål med dette, seier Eli Grete Høyvik til NRK.

Dermed kan lokale produsentar av alkohol basert på frukt, bær og honning søkje om kommunalt løyve til å selje alkohol opp til 22 prosent styrke.

– I dag har vi opna butikken og takka Balestrand kommune for rask sakshandsaming. Nett no skal eg kjøpe nye hyller slik at vi får stilt ut varene, fortel ei svært glad Eli Grete Høyvik.

landbruks- og matminister Jon Georg Dale hos bonde Marius Egge i Lier

NØGD STATSRÅD: Landbruksminister Jon Georg Dale (t.h.) vitja i dag Egge gård i Buskerud. Her saman med Marius Egge.

Foto: Ingar Andreassen / NRK

Syner fram tradisjonane

Landbruksminister Jon Georg Dale tok i dag turen til Egge gård i Buskerud for å markere at lovendringa no er gjort gjeldande. Her tok han fram lommeboka og kjøpte ei flaske med cider, og proklamerte at det er sjeldan ein ser ein sunnmøring bruke så mykje pengar.

– Vi trur dette gjev nye forretningsmoglegheiter, både for å halde oppe matproduksjonen med frukt og bær, men også for syne fram dei stolte tradisjonane vi har i norsk landbruk, sa Dale.

Lei av å seie nei

I Balestrand i Sogn trur Eli Grete Høyvik no på ein ekstra god sommar, der dei slepp å måtte svare på spørsmål om kvifor dei ikkje får lov å selje sterke varer.

– Til no har vi vore nøydde for å seie dessverre, dessverre til folk, og det har vi blitt litt lei. Til og med nordmenn som utmerka godt veit korleis ting fungerer, klarer ikkje å sjå føre seg at vi ikkje har hatt lov til dette.

Meiner dei hadde lov før også

Produsentar i fleire fylke i Norge har lenge kjempa for å få lov til å selje gardsprodusert alkohol, og meiner også at det truleg har vore lov heile tida. Det har berre ikkje vore leita grundig nok i reglementet, meiner Høyvik.

– Det var juristar med ekspertise på EU-rett som fann fram til at det sannsynlegvis har vore lov heile tida, fordi alkoholhaldig drikke basert på frukt har ikkje vore ein del av EØS-reglementet, slik som ein trudde.

Som i resten av Europa

På Ciderhuset i Balestrand er det mange turistar innom, og Høyvik trur at dei no vil kunne utvikle eit enda betre totalprodukt for gjestene.

– Det som er interessant er at vi kan gje ordentleg service til folk. Vi har smaking og formidling om frukt og bær og produksjonen vår på same måte som når du besøker ein vingard kor som helst i Europa.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote