Hopp til innhold

Voss-ordføraren lokkar Vik med tunnelfond

VIK (NRK): Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb vil pløya dei årlege kraftmillionane, som ein storkommune Vik/Voss/Aurland vil løysa ut, inn i Vikafjellstunnelen.

Hans-Erik Ringkjøb

SAMANSLÅING I TO TRINN: Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb meiner ein storkommune Vik/Voss/Aurland er fullt mogleg sjølv om vegen mellom Vik og Voss i mange år framover vil vera stengd store delar av vinteren.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Å slå saman Vik, Voss og Aurland kan frigjera mange kraftmillionar som kan brukast på tunnel. I tillegg har Vik eigne ressursar. Ein ny storkommune vil på den måten vera tydeleg på at me ønskjer å få dette til, seier Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap).

Framføre nesten 100 frammøtte på Vik næringssamskipnad sitt kommunereformseminar torsdag kveld lanserte Ringkjøb ideen om å bruka dei ekstra kraftinntektene, som ein storkommune vil løysa ut, til eit tunnelfond.

9 vs 22 kraftmillionar

Når vikjene skal ha folkerøysting i kommunereformsaka 23. mai, står valet mellom storkommunane Vik/Balestrand/Sogndal/Leikanger og Vik/Voss/Aurland, i tillegg til å halda fram som eigen kommune (sjå faktaboks).

Begge samanslåingsalternativa vil løysa ut store kraftinntekter, fordi ein storkommune vil ha eit større kraftforbruk og difor kan henta ut konsesjonskraftpengar som i dag går til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Olav Turvoll

LIKAR TUNNELFONDIDEEN: - Me er så gira på Vikafjellstunnelen at me gjer det meste for å få han, seier Vik-ordførar Olav Turvoll

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Med ein kraftpris på 15 øre per kilowattime gir Vik/Balestrand/Sogndal/Leikanger 9 millionar kraftkroner ekstra medan Vik/Voss/Aurland gir 22 millionar (sjå faktaboks).

Når Stortinget våren 2017 skal vedta både kommunereforma og ein ny nasjonal transportplan, er Ringkjøb overtydd om at Vikafjellstunnelen har betre sjansar viss lokale pengar blir skotne inn.

Tunnel som vilkår for storkommune

– Tunnelfond er ein spennande ide, seier Vik-ordførar Olav Turvoll (Sp).

Per Olav Geithus

HAR IKKJE BESTEMT SEG, MEN... - Voss-alternativet verkar positivt og framtidsretta, seier Per Olav Geithus, ein av dei neste 100 frammøtte på Vik næringssamskipnad sitt kommunereformseminar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Turvoll har ikkje bestemt seg i samanslåingssaka, men vedgår at Voss-alternativet verkar forlokkane:

– Koplinga mot vekstområdet rundt Bergen og den nedkorta reisetida mellom Voss og Bergen er viktig, uansett.

Når kommunestyret i Vik skal gjera samanslåingsvedtaket sitt 16. juni, er det mogleg å seia ja til Vik/Voss/Aurland, men med Vikafjellstunnel som vilkår.

– Det kan vera aktuelt, men resultatet av folkerøystinga blir avgjerande. Difor håpar eg på stort oppmøte, seier Turvoll.

Friarar òg frå nordsida

Også dei andre aktuelle samanslåingspartnerane var representerte i Vik - Harald Offerdal (Balestrand), Jon Håkon Odd (Leikanger) og Laura Kvamme (Sogndal). Berre ordførar Noralv Distad i Aurland var ikkje til stades.

Jon Håkon Odd

NORDSIDA: Også nordsidealternativet - med Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (t.h.) i spissen - kunngjorde støtte til bygginga av Vikafjellstunnelen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er uakseptabelt med ein veg som er stengd tusen timar i året, sa Odd, som presenterte Vik/Balestrand/Sogndal/Leikanger-alternativet.

Odd kunngjorde òg støtte til ei pendlarrute Vik-Leikanger-Sogndal, ei mangeårig kampsak for vikjene.

To-trinns-kommune

Frank Aarebrot

STORKOMMUNEN KAN HA MANGE HOVUD: - Ein storkommune treng ikkje bli fjern frå folk. Det kan løysast ved å styra gjennom nettverk, slik til dømes California har lukkast med, seier professor Frank Aarebrot, som innleidde på kommunereformseminaret i Vik torsdag kveld.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det kan vera vanskeleg å sjå føre seg ein storkommune, der vegen mellom Vik og kommunesenter på Voss er stengd store delar av vinteren, og med ein tre timar lang omkøyringsveg.

Ringkjøb tenkjer seg ei kommunesamanslåing i to trinn, der hopehavet blir tettare når Vikafjellstunnelen er på plass:

– Til tunnelen blir bygd, vil Vik og Aurland vera velfungerande lokalsamfunn. Dei viktigaste teneste vil framleis bli leverte lokalt, og då treng det ikkje bli krevjande i denne overgangsperioden.