Hopp til innhold

Fryktar alvorlege tunnelulukker - no vil brannsjefane ha kolonnekøyring

Den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen sette ein kraftig støkk i brannsjefane som har ansvar for tunnelane over Strynefjellet. No vil dei innføre kolonnekøyring for store køyretøy.

Tunnelane på riksveg 15 opp til Strynefjellet er både smale og låge, og det har lenge vore eit krav om utbetring - eller nye tunnelar. No krev brannsjefane med ansvar for tunnelane at store køyretøy skal køyre i kolonne. Slik vil dei unngå ulukker som brannen i Gudvangatunnelen i august.

KOLONNE? Brannsjefane på begge sider av Strynefjellet vil ha kolonnekøyring for å betre tryggleiken i tunnelane.

– Vi fryktar det skal oppstå brann i eit køyretøy inne i ein av tunnelane. Då vil det oppstå stor røykutvikling og det vil bli svært vanskeleg for folk å kome seg ut, seier brannsjef Atle Festervoll i Lom og Skjåk.

Tunnelane på riksveg 15 på Strynefjellet er både smale og låge. I mange år har det brannvesenet kravd at det dei blir utbetra, eller at det snarast blir bygd nye tunnelar.

Etter den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen på E16 i august kjem brannsjefane i Stryn, Lom og Skjåk med eit nytt forslag. Dei meiner noko no må bli gjort for å betre tryggleiken for dei vegfarande.

– Vi har bede Statens vegvesen vurdere kolonnekøyring for å unngå at to store køyretøy møtast inne i tunnelen, seier Festervoll.

Fekk skrekken etter tunnelbrann på E16

Den dårlege standarden i tunnelane på riksveg 15 over Strynefjellet er slett ikkje noko nytt. I år etter år har brannvesenet ropt varsku og kravd at noko blir gjort.

Men lite har skjedd dei siste åra. Etter at ein semitrailer tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 i august, der 75 menneske måtte bergast ut og mange fekk røykskadar, prøver dei på ny å setje foten ned.

– Det er mogleg å møtast for to store køyretøy inne i tunnelane, men det går veldig sein og ein må ned i veldig låg fart. Nokre plassar er det heilt uråd å passere, seier brannsjefen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gudvangatunnelen

DRAMATISK: Brannen i ein semitrailer i Gudvangatunnelen på E16 i august har sett ein støkk i brannsjefane som har ansvar for tunnelane på Strynefjellet.

Foto: Arve Veum/Monika Blikås / NRK

Fryktar tunnelbrann med bussar involvert

Skrekkscenarioet er at det skal oppstå brann i tunnelen når sju-åtte turistbussar er i same tunnelen. Sommarstid går det tallause bussar med cruisepassasjerar gjennom tunnelane, på veg til anten Geiranger eller Olden.

– Skulle det skje ei ulukke med ein etterfølgjande brann då, så hadde konsekvensane blitt veldig store, grøssar brannsjefen i Lom og Skjåk.

For om det skulle skje noko vil det gå tid før brannvesenet kjem til staden. Både frå Stryn og austsida er utrykkingstida på vel 45 minutt. Difor er det svært viktig for brannsjefane at dei har gjort sitt for å førebyggje brann.

– Etter det som skjedde i Gudvangatunnelen har vi fått veldig stort fokus på dette. Tunnelane her er gamle, og vi ventar berre på at vi skal få vår tunnelbrann. Noko vi sjølvsagt håpar vi skal sleppe, seier Festervoll.

Diskuterer med Vegdirektoratet

Under ein konferanse tysdag fekk Festervoll og brannsjef-kollegaen i Stryn presentere forslaget sitt for vegstyresmaktene.

Kor vidt det kan bli noko av kolonnekøyring i Strynefjellstunnelane er høgst uvisst.

– Vi er glade for alle konstruktive innspel i forhold til tryggleik i tunnelar, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

– Vi har ein dialog med Vegdirektoratet som avgjer kva type tiltak vi kan ta i bruk i tunnelar. Og vi har ein løpande dialog på kva verkemiddel vi kan ta i bruk for å få risikoen ned på det nivået som EU og tryggleiksforskriftene for tunnelar seier, seier Slinde.

Fryktar løysinga kan bli kvilepute

Rolf Olav Tenden driv transportfirmaet Tenden Transport i Stryn. Kvar einaste dag har han lastebilar gjennom tunnelane på Strynefjellet. Tenden, som også er fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane, har i mange år kjempa for at tunnelane skal bli oppgraderte, eller i beste fall bygd nye.

Det nyaste forslaget om å innføre kolonnekøyring er han derimot skeptisk til, og fryktar det kan bli ei kvilepute i forhold til opprusting og nybygging.

– Det er eit spenstig forslag. Men eg er livredd midlertidige løysingar som blir permanente. Og viss dette er ei permanent løysing, så er det eit absolutt nei frå oss. Dette går ikkje i 2013, seier han til NRK.no.

Brannsjef Atle Festervoll i Lom og Skjåk håpar Vegvesenet tek forslaget på alvor og vil ikkje gje seg med det første.

– Tryggleiken er for oss det viktigaste, seier han.