Hopp til innhold

Vegvesenet har latt vere å inspisere tunnelar

Ny rapport viser at fleire tunnelar ikkje blir inspisert slik dei skal. – Vi har eit forbetringspotensial, seier samferdselsministeren.

Stein fall ned i Trodaltunnelen på E39

ENGLEVAKT: Ny rapport at Statens vegvesen har latt vere å sikre fleire tunnelar slik dei skal.

Foto: MESTA

Ein ny rapport viser at Statens vegvesen har latt vere å sikre fleire tunnelar slik dei skal.

«Dette kan igjen føre til at stein fell ned frå tak og vegger, slik at det oppstår farlege situasjonar», skriv Vegtilsynet i oppsummeringa.

I alt har dei funne fem avvik som dei vil «følgje opp med Vegvesenet» (sjå faktaboks).

– Forventar at dei tek raskt tak i dette

Vegtilsynet sorterer under Samferdselsdepartementet og skal kontrollere at Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg (Nye vegar AS) tek vare på tryggleiken på riksvegane.

Regelen er at Vegvesenet skal ha ein «hovudinspeksjon av alle tunnelar minst kvart femte år».

– Det er veldig overraskande og kritikkverdig at dei ikkje har hatt gode nok rutinar på dette. Eg forventar at Vegvesenet tek raskt tak i dette, slik at vegfarande kan ha tillit til at tryggleiken i tunnelane er vareteke på best mogeleg måte, seier fylkestopp for Frp i Vestland, Frank Willy Djuvik.

Dette høyrest ille ut

I juli fortalde NRK om Grzegorz Mazur (41) som hadde «englevakt» då ein kampestein på eitt tonn fell frå taket i Trodaltunnelen på E39.

Dagen etter datt ein steinblokk ned i Fjærlandstunnelen på riksveg fem. Til alt hell gjekk det berre utover ein bil denne gongen og.

Statens vegvesen kontrollerte Trodaltunnelen berre tre dagar før bilen til Mazur vart smadra.

Då kan ein jo lure på kvaliteten på kontrollane, seier Trude Brosvik, som er gruppeleiar for KrF på Vestland fylkesting.

Ho legg til:

Dette høyrest ille ut, så det er bra at tilsynet tek tak i det.

Trodaltunnelen

Hadde det vore nokon i baksetet på bilen, hadde dei ikkje overlevd.

Foto: Therese Pisani / NRK
Trodaltunnelen

Bilen vart heilt smadra, og store delar av taket knust.

Foto: Therese Pisani / NRK
Gregorz Mazur sin bil med ny medpassasjer, stein.

Gregorz Mazur fekk brått ein ny medpassasjer då han køyrde gjennom Trodaltunnelen.

Foto: Privat
Bil skadd av stein i Trodaltunnelen

Grzegorz Mazur trudde ei lampe hadde falle frå taket.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Vil gjennomgå rutinane

Pressesjef Kjell Bjørn Vinje i Statens vegvesen seier dei tek rapporten til vitande, og at dei er i gang med å gjennomgå rutinane.

– Det blir gjort tiltak for å redusere risiko for nedfall av stein og andre uønskte hendingar. Generelt er tunnelane på riksvegane svært trygge, seier han.

I Nasjonal vegdatabank er det registrert 109 steinnedfall frå tak og vegger i tunnelar på riksvegane dei siste åra.

I eit skriftleg spørsmål til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) spør stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland, «korleis statsråden vil sikre at inspeksjonsprogramma for tunnelar spesielt på Vestlandet – vert følgt opp?»

Om lag halvparten av tunnelane i Noreg ligg på Vestlandet.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på ferga

STØRSTE ALVOR: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier at han «tek eg tryggleik i tunnelar på største alvor» og at «norske tunnelar blir stadig tryggare».

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen, NRK

Vi har avdekka eit forbetringspotensial

Samferdselsministeren skriv tilbake at han «tek tryggleik i tunnelar på største alvor» og at «norske tunnelar blir stadig tryggare».

Han legg likevel til at dei «har avdekka eit forbetringspotensial» og at «ei meir einsarta praktisering av retningslinjene for inspeksjonar vil inngå som eitt av fleire element i det vidare arbeidet.»

Liv Kari Eskeland seier til NRK at ho er «skuffa» over svaret og at det «ikkje er tillitvekkjande at statsråden har ei slik overordna tilnærming».

Eg er skuffa over at statsråden ikkje ønsker å gå nærare inn på kvifor vi opplever at tunnelar på vestlandet kjem dårlegare ut når det gjeld inspeksjonar. Det burde vera av interesse for han å avdekke om det føreligg systematiske feil eller om dette er ei rad enkelttilfelle.