Hopp til innhold

Lastebileigarane bryt politipåbod

Lastebileigarane vil bryte forbodet mot å køyre gjennom låge tunnelar, sjølv om politiet varslar kontrollar.

Halvparten av tunnelane i fylket har forbod mot køyrety over fire meter . Dei fleste vogntog er som regel høgare enn dette.

Leiar i Sogn og Fjordane lastebileigarforbund Per A. Øren seier politet berre får komme med bøteblokka.

Forbod

- Det vil stogge all næringstransport i fylket. Då kan dei like godt berre setje opp ein bom, og stenge heile fylket, seier Øren.

Lastebilnæringa på Vestlandet merkar problemet i tunnelfylket Sogn og Fjordane der halvparten av tunnelane er under fire meter eller meir. Leiar i Tenden Transport, Rolf Olav Tenden, seier at det skjer lovbrot kvar dag , mellom anna på Strynefjellet. I Sryn fryktar brannvesenet alvorlege trafikkulukker i dei smale tunnelane på fjellovergangen.

- Kva andre val har vi enn å køyre gjennom, spør Øren.

Politiet krev at næringa held seg innanfor reglane og vil ta i bruk kontrollar. Lensmann i Stryn Inger Lill Lanes er klar til kamp.

- Vi vil halde vanlege trafikkontrollar, seier ho.

Noko er feil

Øren meiner det vert uråd å kome seg fram i fylket om dette forbodet vert ståande.

- Vert vi bøtelagt er noko feil, slår han fast.

Han seier at sjåførane må legge seg midt i tunnelen, og setje på naudlysa slike stader. Det er ofte ei nervepirrande oppleving. Han er klar over at ein ikkje skal bryte lova, men meiner dei ikkje har noko val.

Får straff

Men Politimeister Johan Brekke har ingenting til overs for lastebilnæringa sine varsla lovbrot, han seier at deira oppgåve er å syte for at ingen køyrer ulovleg.

- Det er klart at reglane må vere like for alle. Lastebileigarane må ta konsekvensen av dette. Dei vil få straff for ulovleg køyring, seier Brekke.