Hopp til innhold

Vil ha 60-sone gjennom strynefjellstunellane

Redusert fartsgrense og utbetring for 400 millionar kroner, er alt som skal til for at strynefjellstunnelane oppfyller EU sine tryggleikskrav.

Tunnelane på Strynefjellet.

SÅ TRANGT: Det er berre så vidt det er passasering for store køyrety i tunnelane, men med redusert fartsgrense stettar tunnelane EU sine tryggleikskrav.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det er også eit framlegg som blir slakta av ordførarane i kommunane som soknar til Strynefjellsvegen.

For forslaget som går på redusert fartsgrense på kring 14 kilometer av fjellovergangen, inneber ikkje utbetring av breidda på tunnelen.

– Eg forstår ikkje at dei vurderer det i det heile. Det er greitt at ein må ha litt gjenbruk av eksisterande vegnett og tunnelar, men dette var heilt håplaust. For dette er berre flikking, seier dagleg leiar ved Thor Tenden Transport, Rolf Olav Tenden.

Nytt rasoverbygg

Statens vegvesen er pålagde å finne ut kva som må til for å få tunnelane godkjende av EU sine tryggleikskrav innan 2019. Tenden er skuffa, og har vanskar med å ta på alvor, det Olav Terje Hove og Inge Alsaker frå vegvesenet presenterte i går. Ifølgje avisa Fjordingen utan særleg entusiasme.

Rolf Olav Tenden

VANTRU: Rolf Olav Tenden kan knappt tru at redusert fartsgrense, med like smale tunnelar, blir vurdert som seriøst alternativ til utbetring av Strynefjellet.

Foto: Thor Tenden Transport

Tunnelane treng ei kraftig oppgradering. Både utviding av eksisterande tunnelar er tidlegare blitt nemnt, men også nye tunnelar i same trase. No føresler vegvesenet redusert fartsgrense og eit nytt rasoverbygg i Grasdalen.

– Eg er skuffa over at dei går for billegaste og enklaste måten. Det er overraskande at dette går an i 2012, seier Tenden.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video nsps_upload_2008_10_23_19_6_34_311.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ TV-SAK: Tunnelane må utvidast.

– Heilt håplaust

Framlegget vil føre til to år med vinterstenging der vegen berre er open for kolonnekøyring tre gonger om dagen på grunn av anleggsarbeid.

Slikt gjer det vanskeleg å drive næringsverksemd, seier Tenden.

– Det er heilt håplaust. Eg har vel aldri hatt ein så dårleg vinter som i år på grunn av stengeregime. Tre gjennomkøyringar med den trafikken som er over Strynefjellet trur eg ikkje vi klarer ein vinter til, seier han resignert.

– Lett sjokkerte

Jan Ove Tryggestad

SKUFFA: Jan Ove Tryggestad deler Tenden sin store skuffelse.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Stranda sit også Jan Ove Tryggestad og ristar på hovudet over framlegget.

Han trudde knapt det han høyrde på møtet med representantane frå vegvesenet.

– Vi var lett sjokkerte over at det er nokon i det heile som kan tenkje seg å føreslå noko slikt. Det var eit unisont og bastant krav om å avvise dette som framtidig alternativ, seier han og viser til utviklinga og trafikkauken Kvivsvegen vil medføre.

Blir dårlegare

Tryggestad trur ikkje at vegstyresmaktene har teke innover seg kor viktig Strynefjellet er. Han meiner, dersom framlegget blir gjennomført, at det vil føre til dårlegare regularitet og trafikkbilete.

Det vert truleg levering av KVU for Strynefjellet i mars. Det siste alternativet meiner han ikkje kan gjennomførast.

– Aust-Vest-sambandet må sjølvsagt oppgraderast i takt med utviklinga, seier han og varslar at kommunane vil ta til motmæle når framlegget blir sendt ut på høyring.

– Vil ha Sogn

– Eg tolkar det rett og slett slik som ein total mangel på røyndomsforståing, legg Tryggestad til og varslar han lobbyisme for å jobbe fram oppgraderinga Strynefjellet treng.

– Kjensla mi seier at dei vil ha trafikken via Sogn og aksen over Filefjell. Difor føler eg også at Strynefjellet har blitt ein liten tapar i høve til vegmidlar dei siste åra. Men dei må sjå at E6 blir vegen til Oslo for Nordfjord og Sunnmøre, legg Tenden til.

Video nsps_upload_2008_10_29_20_26_56_527.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ TV-SAK: Her bryt yrkessjåførane lova dagleg.