Hopp til innhold

– Eg kan godt stå fram som stolt distriktspsykopat

NORDFJORDEID (NRK): Venstre-leiar Trine Skei Grande har omtala den populære ordføraren som «psykopat», opplyser kjelder til VG og NRK. I kveld gjekk Alfred Bjørlo på fest med gensar med emneknaggen #distriktspsykopat.

Alfred Bjørlo med distriktspsykopat-genser

TYDELEG BODSKAP: Venstre-ordførar Alfred Bjørlo fekk laga seg ein genser med teksten

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

VG melde i går at Trine Skei Grande i interne møter skal ha kalla partikollegaer for «psykopat» og «han homoen». NRK har no fått stadfesta desse opplysningane.

Til VG fortel kjelder at den svært populære ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, skal ha blitt omtala som «psykopat». Dette blir også stadfesta av NRK sine kjelder.

Laga eigen gensar

Laurdag kveld hadde Bjørlo fått trykt opp ein genser med emneknaggen #distriktspsykopat og gjekk med denne då NRK møtte han i Nordfjordeid sentrum. Då var han på veg til eit festleg arrangement, der han var invitert som ordførar.

– Eg synest ein må sjå humoren i dette også. Har det vore sagt, så har det sikkert vore sagt som ei humoristisk merknad. Eigentleg er distriktspsykopat eit ganske ok ord. Viser vel at ein står hardt på og brenner for det ein trur på. Eg kan godt stå fram som stolt distriktspsykopat, seier Bjørlo til NRK.

Trine Skei Grande ønskjer ikkje å kommentere denne saka i kveld.

Populær ordførar

Bjørlo har i ei årrekkje vore ein av dei mest populære lokalpolitikarane i Venstre, og har markert seg svært tydeleg som distriktspolitikar. Han har kome med ei rekkje utspel mot politikken som blir ført nasjonalt. Blant anna i ein kronikk i Nationen i fjor.

Han vel å sjå humoristisk på at partileiaren ved fleire høve skal ha kalla han «psykopat».

– Dette er ikkje Trine slik som eg kjenner ho. Eg har kjend ho i 30 år. Vi har hatt og vi har eit veldig godt forhold. Eg stolar på ho personleg og politisk. Eg tenker at dette i verste fall er tatt heilt av samanheng. Eg veit at vi vil kvarandre vel og har felles mål for det vi driv med.

Ukjend for Bjørlo

– Er dette noko du har høyrt om før?

– Det var heilt ukjend for meg heilt fram til VG ringde.

– Pågår det noko form for strid rundt Trine Skei Grande som leiar i Venstre?

– Det veit eg ikkje og det har eg ikkje noko grunnlag for å seie. Dersom om nokon ønskjer å bytte ut Trine så får dei seie det og ikkje drive undergravingskampanje med anonyme kjelder til media. Det er berre tull og tøys og siste sort. Dette går ikkje an å ta seriøst.

Det er ikkje første gongen Venstre-leiar Trine Skei Grande er i hardt vêr. I desember blei det kjend at ho hadde skjelt ut sin eigen nestleiar, Abid Raja.