Hopp til innhold

«Familien forstår ikkje politiet sin konklusjon på dødsbrannen»

– Familien skjønar ingenting. Dei trudde ho var komen til eit trygt og godt land og hadde det godt. Dei er i sjokk, seier advokat Kristine Aarre Hånes.

Kristine Aarre Hånes

VARSLA: Berre ei veke før dødsbrannen i Førde, sende Kristine Aarre Hånes varsel om søksmål til UNE på grunn av avslaget den 24 år gamle kvinna fekk på opphaldssøknaden.

Foto: RettAdvokat ANS

Kristine Aarre Hånes var asyladvokat for den 24 år gamle kvinna som denne veka omkom av skadane ho fekk under brannen i Førde. Det siste døgnet har ho hatt fleire samtalar kvinna sin eitt år yngre bror i heimlandet i Sri Lanka.

Politiet meiner kvinna sjølv starta brannen i Møllehuset tysdag. Med seg i døden tok ho sin 20 månader gamle gut.

– Dei er i sjokk og vantru over det dei har fått høyre. For det første at ho omkom, og for det andre at politiet meiner ho sjølv sette på brannen, fortel Kristine Aarre Hånes.

Mista syster og fekk avslag

Aarre Hånes representerer kvinna sine pårørande. 24-åringen kom til Norge i 2006 som asylsøkjar frå eit krigsherja heimland, men det skulle vise seg at opphaldet skulle bli svært vanskeleg.

Brann i Førde

OMKOM: Den 24 år gamle kvinna og hennar 20 månadar gamle son omkom i brannen i Førde måndag.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

I desember toppa det seg. Først vart hennar 18 år gamle syster funnen død i sin eigen heim på Sri Lanka. Dei to stod veldig nære kvarandre. Dødsfallet blir etterforska som drap.

Berre ei veke etter dødsfallet til systera, og over fem år etter at ho kom til Norge, bestemte Utlendingsnemnda (UNE) at ho ikkje fekk bli i Norge.

– Ho fortrudde seg veldig mykje til systera og tok dødsfallet veldig tungt. Når ho allereie var så deprimert og i sjokk etter drapet på systera, så vart avslaget frå UNE ekstra vanskeleg å takle, fortel Aarre Hånes.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Brann i Førde-3 kritisk skadd

SJÅ: TV-saka om brannen i Førde.

Menneskehandel

toppen av dette stod kvinna midt i ei menneskehandel-sak i Hordaland i 2009. To personar vart varetektsfengsla i saka som seinare vart lagt vekk. 24-åringen stod heile tida fast på seie forklaring.

Kvinna kom til Sunnfjord for å få leve i fred og få starte på nytt, men tok også med seg frykta for å bli sendt attende til Sri Lanka.

– Ho var i ein veldig sårbar situasjon. Både som offer for menneskehandel og som flyktning frå krigen og Tamil-tigrane, der ho var medlem, fortel Aarre Hånes.

Hadde lite håp

Verken ho eller familien i heimlandet fekk noko indikasjon på at kvinna hadde det så vanskeleg at ho ville gå til eit slikt steg.

Difor er også konklusjonen til politiet vanskeleg å forstå.

– Ho var lukkeleg i periodar, var ei veldig god mor for sonen sin som betydde alt for henne. Men med alle desse negative hendingane, avslag, lagt vekk sak om menneskehandel, drapet på systera og lang ventetida på asylsøknaden, så hadde ho lite håp for framtida på slutten, fortel Aarre Hånes.

– Samstundes snakka vi om at eg følte vi hadde ei god sak i forhold til søksmålet som vi planla saman. At opphaldssaka likevel kunne ordne seg, legg advokaten til.

Krav på vern

Advokaten viser til at offer for menneskehandel har krav på ekstra vern. Noko ho meiner 24-åringen ikkje fekk i Norge. At kvinna vart utsett for menneskehandel er noko UDI har lagt til grunn i sitt 12 sider lange avslag. Vedtaket var både overraskande og skuffande.

Difor varsla advokaten søksmål mot UNE i førre veke.

– Vi meiner vedtaket er i strid mot utlendingslova og FNs barnekonvensjon, seier Aarre Hånes.

Skuldar på styresmaktene

Advokaten deler delvis kritikken som asylsøkjarar retta mot styresmaktene under ei minnesamling på asylmottaket i Førde i dag. Ifølgje bt.no meiner asylsøkjarane handteringa av flyktningsaker er medverkande årsak til den tragiske hendinga tysdag.

– Det er ein tragedie at slikt skal skje. Vi held utlendingsstyremaktene og leiinga ved mottaket ansvarlege, seier asylsøkjarane Shahab Shamloo og Tayyeh Hoshyav til avisa.

Mottaket får kritikk for manglande oppfølging av kvinna og sonen.

– Vi har alltid eit spesielt auge til barnefamiliar. Det blei også gjort i dette tilfellet. Vi fekk ingen varsel verken frå eigne tilsette eller asylsøkjarar ved mottaket, seier Bente Dalaker, ved Hero mottak, til den same avisa.

For lang sakshandsamingstid

Aarre Hånes har ikkje grunnlag for å kritisere mottaket. Ho fortel kvinna etter forholda treivst godt i Førde og aldri klaga over å bu i byen.

Då ho i sommar møtte klienten sin opplevde ho kvinna som glad og nøgd. Ikkje minst på grunn av sonen.

– Men sakshandsamingstida er alt for lang. Gjennomgangane må gå raskare. Og i denne saka er ikkje grunnlaget vurdert godt nok. Både kvinna og barnet har klart krav på vern i Norge. Elles hadde vi aldri varsla søksmål, seier ho.

Samlar inn pengar

I heimlandet er familien i sjokk og vantru. Dei såg føre seg at dottera hadde det trygt og godt i Norge.

No er broren på 23 år i gang med å samle inn pengar i håp om å kunne kome til Norge for å vere med på gravferda. Aarre Hånes fortel at ein innsamlingsaksjon med same føremål også er sett i gang i Førde.

Fredag blir den 20 månader gamle guten gravlagd på muslimsk vis i Førde.