Hopp til innhold

Bebuarar og tilsette møtest for å minnast brannoffera i Førde

Asylmottaket i Førde arrangerer torsdag ei minnestund for kvinna og sonen som omkom etter brannen måndag. Mottaket prøver no å ivareta dei andre bebuarane på best mogleg måte.

Bente Dalåker

MINNESTUND: Regionssjef i Hero, Bente Dalåker seier det er viktig at bebuarane får tid til å minnast dei omkomne.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fleire av dei andre asylsøkjarane måtte sjølv evakuere frå bustadhuset Mølla då det byrja brenne i ei av leilegheitene måndag. Ei ung kvinne og den nesten to år gamle guten hennar vart berga ut av forbipasserande, men døydde på Haukeland to dagar seinare.

Mottaket i Førde blir drive av Hero, og regionsjef Bente Dalåker seier dei heilt sidan dei vart varsla om brannen har jobba for å støtte og ta vare på dei andre asylsøkjarane.

– Vi såg med ein gong at dette var alvorleg. Det har vore veldig viktig for oss å ivareta bebuarane som fekk denne hendinga nært innpå kroppen, seier Dalåker.

Politiet trur kvinna sjølv tende på

Det var måndag ettermiddag at forbipasserande oppdaga at det brann i ei av leilegheitene der det bur til saman 27 asylsøkjarar frå fleire forskjellige land. Etter heltemodig innsats frå fleire vart ei 24 år gamal kvinne og den 20 månader gamle sonen hennar berga ut.

Begge var kritisk skadde og vart sende til Haukeland Universitetssjukehus, men døydde natt til onsdag av skadane.

Torsdag kom politiet med sin førebelse konklusjon i saka. Dei kjenner seg rimeleg sikre på at brannen vart påsett i rommet der kvinna og guten vart funne, og at det var kvinna sjølv som tende på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann på Steinen i Førde

BERGA UT: Både kvinna og sonen hennar vart berga ut av forbipasserande. Begge døydde to dagar seinare på sjukehus.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Har reagert med fortviling, sinne og redsel

Dalåker seier dei siste dagane har vore annleis, både for dei tilsette ved mottaket og ikkje minst bebuarane. Mange kom nært på brannen og mange har hatt behov for å snakke om det som har skjedd.

– Nokre har reagert med fortviling, sinne og redsel, medan andre ikkje har hatt så sterke reaksjonar. Men vi følgjer opp alle og vil sjekke korleis dei har det i tida framover, seier Dalåker.

Dei tilsette ved mottaket har samarbeid tett med Førde kommune sitt eige kriseteam, og det var tidleg folk på plass på brannstaden for å gje dei andre bebuarane hjelp og støtte.

I etterkant har det også blitt etablert eigne samtalerom ved mottaket, der folk kan få snakka om det som har skjedd. Nokre vil også trenge hjelp i tida framover.

– Viktig å få ta avskjed

Torsdag ettermiddag blir det arrangert ei minnestund for den omkomne kvinna og den vesle guten hennar. Bebuarar og tilsette samlar seg då på asylmottaket på Bergum.

– Vi meiner det er viktig at bebuarane skal få høve til å minnast og huske dei to slik dei var på tida på mottaket, seier Dalåker og legg til:

– Folk vil få høve til å samle seg og vere saman i stille, og dei vil kunne ta ein avskjed.

Både kriseteamet og anna helsepersonell vil vere til stades. Dalåker seier dei også i tida som kjem vil følgje tett med på korleis bebuarane taklar det som har skjedd.