Hopp til innhold

Politiet: - Vi ser det som sannsynleg at det var mor som var brannstiftar

– Den 24 år gamle kvinna som døydde av skadene ho fekk under ein brann i ei leilegheit i Førde måndag, var sjølv brannstiftar. Det meiner politiet.

Brann i Førde
Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Det var måndag ettermiddag at forbipasserande oppdaga at det brann i eit bustadhus med fleire leilegheiter i Førde.

Ei ung kvinne og bornet hennar på 20 månadar vart berga ut og vart sende til Haukeland Universitetssjukehus med kritiske skader. Begge døydde natt til onsdag av skadene dei fekk i brannen.

Politiet har etterforska brannen sidan og har no gått ut med ein førebels konklusjon i saka. Dei kjenner seg rimeleg sikre på at det var kvinna sjølv som sette fyr.

Meiner mor sjølv var brannstiftar

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde seier politiet har konkludert med at brannen vart påsett inne på rommet der mor og barn vart funne.

- Vi ser det som sannsynleg at det er mora sjølv som har tent på brannen, seier Tvinde.

Han seier det har lagt ned store ressursar i etterforskninga og at dei taktiske og tekniske funna stemmer over ens.

- Det at det er samsvar mellom den taktiske og tekniske etterforskinga gir oss grunnlag for å kome til ein slik konklusjon, seier Tvinde.

Har ikkje kartlagt motivet

Tvinde seier politiet no vil fullføre etterforskinga og kan førebels ikkje seie noko meir om korleis brannen starta.

- Det einaste eg kan seie er at det på eit eller anna vis har oppstått open eld, seier Tvinde.

Fleire forbipasserande risikerte livet då dei tok seg inn i den brennande leilegheita måndag ettermiddag. Ingen av dei fekk alvorlege skader, men minst ein person vart behandla for røykskader. Det budde til saman 27 asylsøkjarar frå fleire forskjellige land i huset.