Hopp til innhold

Er rysta etter brannen i Førde

Leila Jabbari Dizicheh var i ferd med å lage middag, men måtte kaste alt ho hadde i hendene for å hjelpe naboane ut av det brennande huset.

F.v. Leila Jabbari Dizicheh, Yasamin Vohooshi Esfahani og Darioush Vohooshi Esfahani

TRISTE: Naboane Leila Jabbari Dizicheh (f.v.), Yasamin Vohooshi Esfahani og Darioush Vohooshi Esfahani er prega av det som har skjedd i bustaden i Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg hadde akkurat komme heim frå jobben, og hadde byrja å lage mat. Då kom naboen og fortalde at det lukta røyk, seier Leila Jabbari Dizicheh.

– Mannen min gjekk ut for å sjå, og då oppdaga vi at det var ein brann, seier ho.

Det som skulle ha vore ein ordinær middag for familien vart med eitt eit drama, då det måndag tok til å brenne i ei naboleilegheit.

Ei 24 år gammal kvinne og den 20 månader gamle sonen hennar ligg tysdag kveld framleis kritisk skadde på Haukeland Universitetssjukehus.

Fryktar for kva som kunne ha skjedd

Den vesle familien var naboar med dei skadde bebuarane, og kan ikkje heilt tru det som har skjedd.

– Korleis har de det i dag?

– Vi er veldig, veldig triste. Barna våre såg alt, og eg tenkjer på kva som kunne ha skjedd om heile huset hadde teke fyr, seier Leila Jabbari Dizicheh.

– Vi er jo så mange som 27 menneske her i huset, seier ho ettertenksamt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brannetterforsking i Førde

ETTERFORSKAR BRANNEN: Politiet har heile tysdag vore i sving med teknisk og taktisk etterforsking på brannstaden.

Foto: Bård Siem / NRK

Er sterkt prega etter brannen

Politiet fekk melding om brannen i huset kalla Mølla klokka 15:38. Ti minutt seinare var brannen sløkt.

Kriminalteknikarar har tysdag jobba på staden for å finne ut kva som kan ha starta brannen. Politiet etterforskar også saka taktisk.

Naboane håpar å få svar på kva som skjedde.

– Eg vart veldig trist då eg såg kvinna og borna hennar. Eg leikte jo med ungane, så no er eg berre trist, seier Yasamin Vohooshi Esfahani.