Hopp til innhold

Håpar å finne brannårsak innan få dagar - ber førebels ikkje Kripos om hjelp

Politiet håpar at dei innan kort tid skal finne årsaka til brannen i ei leilegheit i Førde måndag ettermiddag. Førebels er det ikkje aktuelt å be Kripos om bistand.

Brann i Førde

BRANN: Det budde til saman 27 asylsøkjarar i huset der det byrja brenne måndag ettermiddag. Ei ung kvinne og sonen er kritisk skadde etter hendinga.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Ei 24 år gamal kvinne og den 20 månader gamle sonen hennar ligg kritisk skadde på Haukeland Universitetssjukehus etter brannen måndag. Dei to vart berga ut av folk som raskt kom til, fleire vart lettare skadde i samband med redningsarbeidet.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om brannårsaka, men lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde seier dei håpar å kunne finne eit svar innan kort tid.

– Vi etterforskar saka både taktisk og teknisk for å finne ut meir om kva som har skjedd. Men på noverande tidspunkt kan vi ikkje seie noko om brannårsaka, seier Tvinde til NRK.no.

Kriminalteknikarar går no gjennom åstaden, i tillegg til at politiet driv med taktisk etterforsking som mellom anna inneber avhøyr av personar som var til stades og andre politiet meiner har noko med saka å gjere.

– Brannar er aldri lette å finne årsak til. Men sidan dette har skjedd på dagtid og det har kome folk til tidleg så håpar eg at vi kan finne ut kva som har skjedd.

– Er det grunn til å tru at brannen er påsett?

– Det kan eg ikkje kommentere no, seier Tvinde.

Lensmannen seier det lokale politiet har vore i kontakt med Kripos i samband med tekniske forhold, men at dei så langt ikkje har sett behov for å søkje om bistand.

Brannetterforsking i Førde

ETTERFORSKING: Brannteknikarar har tysdag gjort undersøkingar i bustadkomplekset der brannen starta.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK