Hopp til innhold

Slik ser Vestkapphuset på Stad ut etter at «Dagmar» var på besøk

Oddgeir Kvernevik reagerte med sjokk og vantru då han fekk sjå korleis Dagmar hadde herja med Vestkapphuset. Lengst ute på Stad stod så vidt veggane att etter det veldig uvêret.

Synet som møtte Kvernevik på Vestkapplatået 3. juledag er eitt han sjeldan vil gløyme. I snart 10 år har han drive Vestkapphuset, eit kjent turistmål og monument yttarst på Stad.

Aldri har han sett føre seg at uvêr kunne gjere så store skader. Men uvêret natt til 2. juledag har rasert huset fullstendig. Ein veit ikkje enno om huset kan byggjast opp att.

– Det var heilt vanvittig å kome opp der. Å sjå ein så fin plass bli redusert til dette, eg har nesten ikkje ord, seier Kvernevik.

Då NRK snakka med han onsdag ettermiddag hadde han ikkje tilgang på alle bileta som er tekne av øydeleggingane i huset.

– Det ser mykje verre ut i verkelegheita, seier han oppgitt.

Har aldri før opplevd liknande

Då Dagmar slo inn over Sogn og Fjordane kvelden 1. juledag vart det gjort svært store øydeleggingar. Frå ytst på kysten og langt inn i fjella herja vinden med stor styrke, og halvanna veke seinare er det enno ingen som har full oversikt over skadane.

Oddgeir Kvernevik som eig Vestkapphuset seier dei hadde sikra bygget om uvêr, slik dei alltid gjer. For eitt år sidan vart det meste av taket festa med ekstra store og sterke spikar, i tillegg til at dei fleste vindauga allereie er spesiallaga for å tåle tøft vêr.

For det er tøffe forhold huset må klare seg i. Det ligg heilt ytst på fjellet Kjerringa, som ligg heilt vest mot det svært så berykta Stadhavet.

– Vi har alltid vore realistiske og vore bevisste på at det er tøffe forhold der. Men aldri før har eg opplevd noko liknande, seier Kvernevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vestkapphuset

FØR: Slik såg det ut før uvêret herja i romjula. No er nær alle vindauga knuste og taket nesten heilt borte.

Foto: NRK

Har blåst ut alle vindauga

På grunn av uvêret kom ikkje Kvernevik seg ut til Vestkapphuset før 3. juledag. Alt på vegen opp mot platået fekk han eit forvarsel om at det stod svært ille til med huset.

– Langt nede i vegen fann eg materialrestar, og diverse ting frå huset som låg rundt om kring. Då eg kom heilt opp. Nei, det var ikkje noko morosamt, seier Kvernevik som er prega av det som har skjedd.

Det som før har vore eit majestetisk med utsyn over Stadhavet er no fullstendig raset. Meir eller mindre heile taket er blåse av, resten ligg laust igjen. Nesten alle glasrutene og dørene er blåste inn og innvendig er ikkje huset til å kjenne igjen.

– Der ligg omtrent alt av inventar, stolar, bord og pyntegjenstandar trykt opp i eine kroken. Det var dekka av snø, og det såg ikkje ut som det var eit bygg i det heile teke, seier Kvernevik og legg til:

– Det var trist, seier han tydeleg prega.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vestkapphuset rasert av Dagmar

STORE SKADER: Nesten alt av inventar ligg i store haugar inne i huset.

Foto: Oddgeir Kvernevik

– Har aldri knust glas før

Kor store skadane er har han enno ikkje oversikt over. Men at det vil bli dyrt å setje bygget i stand igjen er det ingen tvil om. Veggane er vridde ut av stilling og nesten alt innvendig er totalt øydelagt.

Til alt hell var det ikkje nokon i huset då uvêret slo til. Kvernevik seier han sjølv har vore ute på platået i styggevêr, også når det har blåse opp i 60 sekundmeter.

– Det har aldri før vore noko problem. Vi har ikkje hatt eit knust glas sidan eg overtok bygget i 2002, seier Kvernevik.

– Orkanen i 1992 var verre

Sjølv om han ikkje har detaljkunnskapar om vinden som råka platået natt til 2. juledag, trur han vinden som herja under nyttårsorkanen i 1991/1992 var verre.

– Eg trur det som har gjort til at dette uvêret har gjort så store skader var at det var ei spesiell vindretning, og at vinden var veldig ujamn. Den kom i sterke kast, seier Kvernevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

– Det blir bygd opp att

For han er det svært tungt å sjå huset i den standen det er no. Kvernevik har lenge drøymt om ei storstila turistsatsing på Vestkapp. I haust vart endeleg ei stor tomt gjort tilgjengeleg, og Kvernevik håpar å kunne byggje opp eit opplevingssenter.

Men nett no er ting snudd litt på hovudet. Kor vidt sjølve Vestkapphuset kan byggjast opp att slik det er, eller om det må rivast ned før det kan byggjast opp att, veit ein ikkje enno.

– Vi må berre ta fatt på det med forsikringsselskapet. No må vi får kartlagt kva som skal skje vidare, kor store skadane er og kva det vil koste, seier Kvernevik.

– Men blir huset bygd opp att?

– At det framleis skal vere eit Vestkapphus, det kan eg seie for sikkert. Men om det er eg som skal byggje det opp att, eller om det blir slik det er i dag, det er usikkert.