NRK Meny
Normal

Sju år etter at Dagmar knuste Vestkapphuset opna dei dørene igjen

STADLANDET (NRK): Etter at orkanen Dagmar raserte Vestkapphuset romjula i 2011 har det majestetiske bygget med utsyn over Stadhavet stått tomt. No blir turistane møtt med store smil og matlukt igjen.

Kor som syn på nyopninga av Vetstkapphuset

NYOPNING: Nær sju år etter at det kjente turistmålet og monumentet ytst på Stad vart raset av Dagmar, er huset no bygd opp att og husar kafe og restaurant. Sjå bileta frå nyopninga.

Foto: Therese Lien Smenes

– Det var fullt hus, strålande vêr og det kunne ikkje gått betre, seier ei lukkeleg Kristina Leknesund Myrseth etter nyopninga fredag kveld.

På årets varmaste dag opna ho ein av dei vestlegaste kafeane i Noreg. Vestkapp ligg på fjellet Kjerringa i Selje, og blir rekna som det vestlegaste fjellplatået vi har på fastlandet, og har ei spektakulær utsikt. Her kan folk no nyte ein kaffi og eit måltid medan dei opplever det vêrharde Stadhavet på nært hald.

– Dette vart ein god start, så det lovar godt, seier Myrseth.

Varaordførar Jan Vidar Smenes i Selje fekk stå for snorklippinga. Han seier det er svært viktig at det kjem eit tilbod til turistane på Vestkapp.

– Det har vore mange som har besøkt området også når det har stått utan tilbod, men det er klart det er viktig for heilskapsopplevinga når vi får dette på plass.

Han trur kafeen no berre er starten på det som kan bli eit skikkeleg eventyr i området.

– No skal vi som kommune gjere det vi kan for å leggje til rette.

Fjellet lokkar turistane – også i dårleg vêr

Det majestetiske Vestkapphuset var bygd for å tole uvêr, men då Dagmar jula 2011 slo inn over Vestlandet måtte det gje tapt. Taket bles av, glasruter og dører knuste og materialrestar vart liggande strødd.

Lenge har det vore usikkert kva som ville skje med bygget, men no er det bygd opp att og i vinter bestemte Myrseth seg for å starte kafe og restaurant der.

– Det trengst fasilitetar her oppe. I tillegg hadde eg veldig lyst til å flytte heim etter å ha budd vekke i mange år, og lyst til å starte noko for meg sjølv, seier ho.

Myrseth leiger bygget av Kvernevik Holding, selskapet til Oddgeir Kvernevik som dreiv huset fram til det vart øydelagt av orkanen.

Sjølv om Myrseth vedgår at det kan vere risikabelt å skulle drive kafé og restaurant på ein stad som Kjerringa, ser ho framleis lyst på utsiktene for drifta.

– Det er kanskje litt dristig midt oppe på fjellet i sterk storm, men vi ser jo at her er mange turistar sjølv når det er dårleg vêr, så eg trur det er ein marknad for det.

– Full opplevingspakke

Ifølgje Myrseth er det ikkje berre mat og drikke turistane har vore på jakt etter når dei har vore innom.

– Allereie er det mange som har vore innom og spurt etter toalett, så det er eit behov for det også. Det vert ein del av det vi tilby, og så håpar vi at folk vil kjøpe noko i same slengen.

I april vart det klart at Kvernevik Holding også fekk kjøpe nabotomta til Vestkapphuset på Kjerringa. Ifølgje Myrseth er det no store planar for Vestkapp-platået.

– Huset vert ei lett blanding av kiosk, kafé og restaurant. Vi håpar også at vi kan få på plass turistinformasjon, og spele litt på lag med andre aktørar for å få ein full opplevingspakke her på Stad.

Det som no står att av Vestkapphuset er mindre enn det var før Dagmar råka Kjerringa hardt i romjula 2011. Delar av det opphavlege bygget vart så skadde at dei måtte rivast.

Dugnad Vestkapphuset

DUGNADSGJENG FRÅ MYRSETH-FAMILIEN: Bak f.v.: Sunniva Leknesund Myrseth, Wenche Leknesund, Kristina Leknesund Myrseth og Vilje Valbo. Framme f.v.: Herman Myrseth og Oskar Leknesund Myrseth.

Foto: Harald Kolseth / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune