Hopp til innhold

Både studentar og skuleleiing er uroa over dyre hyblar i Sogndal

Prisane på private hyblar til studentar og skuleelevar i Sogndal er no så høge at det uroar både studentorganisasjonane og leiinga ved Høgskulen.

– Eg synst prisane er veldig høge til å vere ein så liten plass, seier Randi Marie Sjøholt som er direktør ved Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, SISOF.

Studentar må i dag betale opp til 5000 kroner i månaden for eit krypinn i høgskulebygda. Det blir for dyrt for ei studentlommebok meiner mange.

– Dette er ikkje nokon stor plass, med 7000 faste innbyggjarar og 2000 studentar. Prisane ligg ikkje så langt unna dei store byane, det er urovekkjande, seier Sjøholt til NRK.no.

Ber utleigarane tenkje seg om

SISOF-direktøren er ikkje åleine om å vere uroleg over utviklinga på den private bustadmarknaden. Prisar på over 5000 kroner for ein hybel er ikkje lenger uvanleg i Sogndal.

Når studiestøtta er vel 6000 kroner i månaden tvingar det mange studentar til å jobbe ved sidan av tøffe skuledagar. Huseigarane må forstå betre kven dei faktisk leiger ut til, meiner leiar i Studentparlamentet, Magnus Åsheim.

– Eg vil absolutt oppmode alle som leiger ut til å tenkje over kven dei leiger ut til. Dei kan tenkje litt tilbake til korleis dei hadde det som student.

– Då veit ein at ein som student ikkje har mykje å rutte med, seier Åsheim som meiner 5000 kroner for ein hybel eller leilegheit er mykje.

– Flyttar rundt for å finne ein passande plass

Han seier busituasjonen er eit tema mange snakkar om.

– Det er mange eg kjenner som seier dei bur bra, men så har dei også budd her ei stund og fått flytta rundt på seg til ein plass som passar, seier Åsheim og legg til:

– Men så høyrer eg også om andre som synst dei betalar alt for mykje.

– Marknadsmekanismane som verkar inn

Hundrevis av nye studentar var i dag på plass i Sogndal sentrum måndag. Men mellom smil og glade ansikt kunne ein skimte eit bakteppe av frustrasjon over at busituasjonen ikkje er ideell for mange av dei nye studentane.

Rektor Åse Løkeland deler studentane og samskipnaden sin uro over prisutviklinga.

– Vi er jo fullt klar over at det ved sidan av hyblane til SISOF er ein privat marknad som utgjer over 80 prosent. Her er det marknadsmekanismane som verkar inn, seier Løkeland.

Gir råd om kontraktar

Rektoren ved Høgskulen i Sogndal seier dei gjer det dei kan for å sikre seg at det er seriøse huseigarar og at dei ser at studentane prøver å hjelpe kvarandre. Mellom anna når det kjem til kontraktar for leigeforhold.

Også direktøren ved Studentsamskipnaden seier dei prøver å hjelpe med det dei kan.

– Viss vi får klager frå studentar prøver vi å hjelpe dei med råd og rettleiing. Spesielt i forhold til kontraktar, så er det viktig at studentane veit kva dei skriv under på, seier Sjøholt.