Hopp til innhold

Fleire unge slit med å betale

Stadig fleire unge i alderen 18-26 år får betalingsmerknader. I Sogn og Fjordane har talet auka med 30 prosent på eitt år.

Illustrasjonsfoto

MANGE UNGE SLIT MED Å BETALE REKNINGAR: Illustrasjonsfoto.

Foto: Comnet / Scanpix

Pr 31.12. 2010 var det 246 i denne alderen i Sogn og Fjordane som hadde fått merknader fordi dei ikkje hadde gjort opp for seg til rett tid. Eitt år seinare hadde talet auka til 320, går det fram av ei pressemelding frå Instrum Justitia.

Størst auke i Sogn og Fjordane

Og sjølv om Sogn og Fjordane har låge tal samanlikna med andre fylke, er det her det er prosentvis størst auke, vel 30 prosent. I heile landet er det 27 894 med betalingsmerknader, ein auke på 18,3 prosent siste året. Desse har ei samla inkassogjeld på 1,1 milliardar kroner.

Administrerende direktør i Intrum Justitia, Reidun Korsnes

UROVEKKJANDE: Adm. dir. Reidun Korsnes ber dei unge rydde opp i økonomien sin.

Foto: Intrum Justitia

– Det har vore ein urovekkjande auke i talet på unge med betalingsmerknader det siste året. Desse kjem til å slite i ein bustadmarknad som er vanskeleg frå før, seier administrerande direktør Reidun Korsnes i Instrum Justitia.

– Bør rydde opp snarast

Ho rår dei det gjeld til å rydde opp i privatøkonomien sin snarast, elles kan dei bli taparar mellom anna dersom dei skal leige husvære.

– Dei fleste som leiger ut hyblar eller andre husvære gjer ein kredittsjekk før dei signerer leigekontrakten, og då stiller dårlege betalarar svakt når unge står i kø for å få leige ein bustad.

Flest i Førde

I Sogn og Fjordane er det Førde som har flest i alderen 18-26 med betalingsmerknader. Sjå heile oversynet, med tala frå 31.12. 2010 i parantes:

  • Førde 45 (43)
  • Flora 39 (28)
  • Gloppen 22 (12)
  • Sogndal 22 (16)
  • Eid 21 (12)
  • Vågsøy 18 (15)
  • Stryn 18 (15)
  • Høyanger 16 (13)
  • Luster 13 (13)
  • Årdal 13 (9)
  • Jølster 12 (6)
  • Bremanger 10 (11)
  • Lærdal 9 (5)
  • Selje 9 (6)
  • Gaular 8 (4)
  • Naustdal 7 (6)
  • Gulen 7 (4)
  • Fjaler 4 (6)
  • Hyllestad 4 (3)
  • Vik 4 (3)
  • Balestrand 3 (3)
  • Leikanger 3 (3)
  • Solund 2 (2)
  • Aurland 2 (4)
  • Hornindal 1 (1)