Hopp til innhold

Unge på hybeljakt må marknadsføre seg sjølv stadig meir i annonsene

Studentar må marknadsføre seg stadig meir når dei er på hybeljakt. På Finn.no har no halvparten av dei som ønskjer å leige hybel bilete av seg sjølv.

Tord Arne Holmen med annonsa si

BILETE OG DET VESLE EKSTRA: Tord Arne Holmen gjer som stadig fleire, legg inn bilete og fortel om seg sjølv i annonsen.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Det er stor rift om hyblar og leilegheiter veker før studiestart. Studentar på hybeljakt må no bruke fantasien og marknadsføre seg sjølv med annonsar og bilete. Før var det utleigarane som sette inn annonse, no har ting snudd.

Skal du få draumehybelen i det som no er ein svært så pressa hybelmarknad nyttar det ikkje med annonsar der ein berre søkjer etter tak over hovudet. No må studentar på hybeljakt leggje godviljen til og skrive noko som blir lagt merke til.

Tord Arne Holmen frå Kyrkjebø i Sogn og Fjordane er ein av dei som har lukkast med ei annonse som skil seg ut.

Har ikkje molte, hjortekjøt eller laks til eventuell husvert, men eg har jobb og tener pengar i tillegg til at eg skal gå på Mo og Jølster vidaregåade skule. Så husleiga skal eg betale på dato kvar månad. Ver så snill, har du ein hybel med bad og ein liten kjøkkenkrok, så ring meg.

Ønskjer leige-annonsa til Tord Arne Holmen

– Det fungerte som berre det, ler han.

Færre hyblar enn studentar på hybeljakt

Det er hard kamp om hyblane no når det nærmar seg skulestart. Men berre eit fåtal av hyblane som er ledige blir lagde ut, enten på nett eller i avisene.

Før var utleigarane som sette inn annonsar der dei skreiv kva dei kunne tilby, men no er det i staden dei som ønskjer å leige som må prøve å skilje seg ut.

Zett.no er nettstaden der mange av bustadannonsane i lokalavisene er registrerte. For Sogn og Fjordane sin del viser eit kjapt søk på sida at det berre er sju hyblar som står ledige, samtidig som det er over 60 annonsar med personar som ønskjer ein stad å bu.

Fekk telefon klokka 02 om natta

Tord Arne Holmen (19) er blant dei som har hatt problem med å finne seg hybel. Etter å ha ringt 4–5 hybelvertar i Førde utan hell, valde han å sjølv setje inn annonse.

– Den første telefonen kom klokka 02 om natta den første dagen annonsen var i avisa. Så fekk eg fleire om morgonen og den hybelen eg enda opp med var etter ein telefon eg fekk om ettermiddagen, fortel Holmen som også inntil nyleg har fått telefonar.

Med andre ord ordna alt seg same dag som han sette inn annonsen der han fortalde litt meir om seg sjølv.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hybel

TØFF MARKNAD: Det er mange om beinet når hybelvertane legg ut annonsar på nett. No er det i større grad leigetakarane som legg ut annonsar.

Foto: finn.no

Må marknadsføre seg sjølv

Leiaren i Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Magnus Åsheim, trur også at studentane må jobbe for å skilje seg ut litt i jungelen av annonsar.

– Dette er eit tydeleg eksempel på at det lønner seg å tenkje litt over korleis ein marknadsfører seg når ein skal ha ein plass å leige, seier Åsheim til NRK.no.

Det at hybelmarknaden har endra seg dei seinare åra, er noko også studentar på hybeljakt må ta inn over seg. Sidan det no i større grad er leigetakarane som set inn annonsar må dei marknadsføre seg, seier Åsheim. Det kan vere lurt å leggje ved eit bilete og skrive litt om kven dei er, seier han.

– Eg veit at mange som leiger ut privat er interesserte i å få folk dei veit dei kan stole på. At dei veit at vedkommande ikkje kjem til å rasere hybelen, forklarar han.

– Då er det kjekt for dei som leiger ut å vite litt om den som skal leige.

Halvparten har bilete i annonsen

Eddie Sjølie som er direktør for eigedom på Finn.no stadfestar at leigemarknaden har endra seg betydeleg.

For fem år sidan inneheldt berre 10 prosent av ”ønskjer leigeannonsane” på Finn.no bilete. I år har over halvparten av dei hatt fotografi av den som ønskjer tak over hovudet. Sjølie fortel at det blir stadig fleire av denne typen annonsar.

– Vi ser at marknaden er ganske trong for tida. Det er få hyblar og leilegheiter som blir leigde ut, så kampen om å få dei blir tøffare, seier Sjølie til NRK.no.