Hopp til innhold

Meiner hybelmangel kan skade omdøme

Omlag to månader etter studiestart har alle studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fått seg husvære.

Høgskuleopning i Sogndal

I KØ: Over 50 studentar mangla hybel då studieåret tok til i august. No er alle i hus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det melder Sogn Avis.

Ved studiestart i august stod heile 50 studentar utan skikkeleg husvære. Fleire titals vart innlosjerte på sovesalar.

Uroa for omdømet

– Det er ikkje haldbart å tilby sovesalar som bustader, seier rektor Åse Løkeland til Sogn Avis.

Rektoren påpeikar at lange opphald ikkje er bra for studiekvaliteten.

– Vi har sett at situasjonen var ganske alvorleg for omdømet vårt.

Mellom ti og 20 studentar har reist frå Sogndal, mellom anna på grunn av mangel på hybel.

Har hausta kritikk

Hybelsituasjonen i Sogndal, og korleis studentsamskipnaden har løyst utfordringane har hausta kritikk.

Mellom andre frå Erik Flåten, mangeårig utleigar og aktør innan reiselivet i Sogndal.

Han meinte at seinare studiestart kunne løyse noko av problemet.

No lovar rektor Åse Løkeland å ta grep for å unngå ein liknande situasjon neste haust.

60 nye hybelplassar neste år

Rektoren seier dei store problema i haust har vore ein tankjevekkar for dei.

– Berre det at nokon seier at dette er uhaldbart, må vere ein tankjevekkar for oss.

Høgskule-rektor Åse Løkeland

REKTOR: Åse Løkeland

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er mange lærestadar som vil ha vekst. Vi er mange om beinet., seier Løkeland.

Ho håpar at bygging av nye hyblar vil betre situasjonen til neste år.

60 nye hybelplassar står klare neste haust ved Elvatunet i Sogndal. I tillegg er det løyvd midlar til 20 hyblar der byggingar ikkje er starta enno.

Også i Førde er det planar om bygging av 10 nye hyblar.