Hopp til innhold

Fleire tiltak for å avverge hybelkrise

Høgskulen i Sogn og Fjordane frys studenttalet på fjorårsnivå for å avverge hybelkrise i Sogndal. Studentane sjølv har også sett i gang krisetiltak.

Høgskulen på Foss i Sogndal

VIL AVVERGE KRISE: Både frysing av studenttal og tiltak frå studentane si side skal etter håpet avverge ei ny hybelkrise i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Trass i ti prosent fleire primærsøkjarar enn i fjor, vil Høgskulen i Sogn og Fjordane halde talet på studentar på fjorårsnivå. Årsaka er at dei vil unngå ei ny hybelkrise i Sogndal.

Samstundes som Høgskulen frys studenttalet, vert det også sett i gang andre tiltak for å hindre bustadkrise for studentane.

Håpar på mindre behov

Sovesal på Kaupanger, facebookorganisert sofautlåning studentane imellom, og friluftsorganisasjonen Lurkarlaget sin nye Homeless Camp skal vera klar til skulen startar.

Men direktør i Studentane sin interesseorganisasjon, Randi Marie Sjøholt, håpar behovet skal bli mindre i år enn det var i fjor.

– Sånn som det var i fjor så var det om lag tredve studentar som budde på sovesalen på Vesterland. Vi trur ikkje det blir så stort behov i år, men vi har uansett denne naudløysinga, og den må vi ha, for det kjem studentar hit utan hybel, seier Sjøholt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Randi Marie Sjøholt

53 NYE HYBLAR: Direktør i Studentane sin interesseorganisasjon, Randi Marie Sjøholt, viser fram dei nye hyblane på Elvatunet i Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Færre plassar på restetorg

For med ti prosent auke i talet på primærsøkjarar til Høgskulen i Sogn og Fjordane kunne hybelsituasjonen vorte endå vanskelegare enn fjor, men viserektor for utdanning, Terje Bjelle, seier likevel at dei jobbar for at det totale studenttalet ikkje skal auke i år.

– Vi prøvar å halde talet på same nivå som i fjor. Det vil seie om lag 700 nye heiltidsstudentar i Sogndal. Vi har ikkje lyst på store problem på bustadmarknaden, i alle fall ikkje bidra til å gjere dei noko verre enn dei har vore, seier Bjelle.

Høgskuleopning i Sogndal

STUDENTAR PÅ VENT: Sjølv om det er vel og bra at minst 53 nye hyblar står klare til hausten, står 150 studentar på venteliste for studenthybel. Her frå skuleopninga i fjor.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det vil dei klara ved legge ut færre ledige plassar på studiemarknaden sitt restetorg enn dei gjorde i fjor.

– Det vi gjer er å stengje alle utdanningar som er på restetorget, og ta dei vekk derifrå. Men vi har nokre utdanningar som vi ikkje greier å fylle, som av den grunn må liggje på restetorget. Det er veldig viktig for oss å ha ein rimeleg storleik på lærarutdanninga vår, seier viserektoren.

53 nye hyblar

På Elvatunet står dei første nye, studenteigde hyblane i Sogndal sidan midten av 90-talet, endeleg klare til innflytting.

Dei 53 nye hyblane, pluss eit uvisst antal nye private hyblar, i kombinasjon med frysing av studenttalet, gjer Sjøholt til optimist.

- Vi kan aldri heilt vite før vi er komne til semesterstart og studentane er komne, men vi har bygd fleire bustader, og det er bygd på privatmarknaden. Så vi trur utleigemarknaden er større i år enn i fjor, seier ho.

– Sovesal naudsynt uansett

Magnus Aasheim

HÅPAR I DET LENGSTE: Leiar i Studentparlamentet, Magnus Aasheim, håpar tiltaka vil fungere, men fryktar at studentar også i år må sove på sovesal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Leiar i studentparlamentet, Magnus Aasheim, håpar i det lengste at tiltaka skal fungere.

– Det ser jo ut som at det burde begynne å virke, og vi håpar jo det i det lengste. Det blir først når studentane kjem, at vi får betre oversikt over situasjonen, seier Aasheim.

Trass i optimismen rundt dei nye hyblane står stadig 150 personar på venteliste til Studentsamskipnaden sine hyblar. Aasheim, prøvar å vere optimist, men han trur at studentar også i år må bu på sovesal.

– I år så har vi sett i gang «Homeless camp» i regi av Lurkalaget og Facebook-sida, «Sofaloft Sogndal». Dersom fleire nyttar seg av det kan det vere det ikkje er naudsynt med folk på sovesal, men personleg så trur eg det vert det uansett, seier Aasheim.