Hopp til innhold

Stor dag for Studentsamskipnaden

I dag var den offisielle opningsdagen for dei nye studenthyblane på Elvatunet i Sogndal.

No har dei plass til mellom 50 og 60 fleire studentar enn tidlegare i Sogndal. I dag var den offisielle opningsdagen av studentbustadane på Elvatunet.

Det var ein stor dag for direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), Randi Marie Sjøholt.

– Dette her er ein merkedag for SISOF. Det er om lag tjue år sidan sist at vi opna ein studentheim med bustader for studentar, så det er veldig hyggelig for oss å kunne opne 50 til 60 nye bustader på Elvatunet i Sogndal, seier Sjøholt.

Høgtideleg opning

Dei meinte det var ein så spesiell dag at dei ville ha ei ekstra flott markering. Varaordførar Laura Kvamme var til stades for å klippe snora. Etter opning og omvisning var det middag og talar.

– Vi gjorde det så høgtideleg fordi vi meiner det er ei viktig markering for studenthyblane i Sogndal, seier Sjøholt.

Eit stort press på hybelmarknaden dei siste åra er ein viktig grunn til at dagen i dag vart ein merkedag for SISOF.

– Dei hyblane som vi har bygd no er det kjempeviktig å få på plass. Det har teke for lang tid, men det tek så lang tid å bygge bustader, seier SISOF-direktøren.

Stolt direktør

Dei nye bygga på Elvatunet inneheld tjue leilegheiter. Ti med tre soverom, og ti med to soverom. Sjøholt fortel at dei også har lagt til rette for at det kan bu par på nokre av soveromma, samt familiar i leilegheitene som har to soverom.

Prisen per snute er 3600 kroner i månaden, inkludert alle kostander. Det er eit tilbod som Sjøholt er stolt av å kunne tilby studentane.

– Det er utrulege flotte bustader, og vi er veldig stolte. Vi har allereie nokre som har flytta inn, og dei er veldig nøgd, seier ho.

Millioninvestering

SISOF har investert om lag 30 millionar kroner på dei nye studentbustadane. Det vil seie halvanna million per leilegheit.

– Det er det verd. Det er det vi har i ramme frå Husbanken, så vi kunne ikkje bygd dyrare, seier Sjøholt.

Og det har vore stor rift om dei nye hyblane. Etter at dei nye bustadane er rekna inn i biletet, er det 70 studentar som står i kø for SISOF sine bustader i Sogndal, og 10 står i kø i Førde.

– Det er rift om alle bustadane våre, men dei fleste ønskjer jo å bu i dei nye, seier Sjøholt.