Hopp til innhold

Dette unike turistkontoret skal trekkje turistar

Stryn turistkontor er no unikt i sitt slag i Noreg. Sjølv om ein er inne i eit lokale midt i Stryn sentrum, er det som å stå midt i naturen.

Marita Lindvik / Stryn turistkontor

HEILE NORDFJORD: Det unike turistkontoret skal promotere heile regionen, seier direktør i Reisemål Stryn og Nordfjord, Marita Lindvik.

Foto: Montasje: Erlend Blaalid Oldeide / Reisemål Stryn og Nordfjord

– Etter det eg veit er dette det einaste turistkontoret av sitt slag i Noreg. Så eg meiner vi no har moglegheit til å få internasjonal pressedekking også, seier Marita Lindvik

Ho er direktør i Reisemål Stryn og Nordfjord, som torsdag opna det nye turistkontoret i Stryn. Og det er ikkje som alle andre turistkontor. Alle veggane og heile veggane er dekorerte med bilete av turistmål og flott utsikt frå ulike stader i Nordfjord.

– Dette er stort og utruleg flott. Det er ein attraksjon i seg sjølv. Design er viktig, og det gjer det enklare for oss å selje regionen. Turistane får ei kjensle av å stå midt i naturen, eller oppe på fjella og sjå 360 grader ut over horisonten, seier Lindvik.

– Dette betyr mykje for heile Nordfjord

Arne Sølvberg

UNDERHALDNING OG MAT: Arne Sølvberg underheldt, og rundt 20 frammøtte fekk servert mat og drikke på ein disk forma som ein isbre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei har nytta fleire lokale leverandørar til å dekorere heile veggane. Lindvik skryt over innsatsen, og seier poenget er at fleire skal få nytte godt av nyskapinga.

– Det er alfa omega å profilere dei samtidig som vi profilerer oss sjølve. Vi må samarbeide betre, og gjere opphaldet til ein heilskap for turistane våre, seier Lindvik.

– Kva kan det bety for reiselivet i Stryn og Nordfjord at til og med turistkontoret i seg sjølv kan verte ein attraksjon?

– Det er utruleg viktig. Det er nyskapande. Designen og turistinformasjonen er nyskapande, men vi treng også nyskapande tilbod til turistane. Det vert vanskelegare og vanskelegare å behalde turistane, seier ho.

Må samarbeide meir og betre

Gro Flølo

SAMARBEID: Vi må samarbeide, seier Lindvik. Og farmhouse var på plass, med kreativ leiar Gro Flølo.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Direktøren gjentek gong på gong at samarbeid er nøkkelen for regionen.

– Tre stikkord er heilskap i opplevingane, tilgjengelegheit og pakketering. Med det meiner eg at det ikkje berre naturen og naturopplevingane, men at pakken rundt det er god: Mat, kultur og overnatting. Her må vi som lever av turisme samarbeide betre, seier Lindvik.

Sven Flo

SKÅLA: Ordførar Sven Flo var på plass, og enda opp på toppen av Skåla. Midt i sentrum.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I enden disken, forma som ein isbre, der god mat og drikke vart servert under opninga står ei liste: topp-ti ting å oppleve i Nordfjord. Ikkje i Stryn, men i heile Nordfjord.

– Ja, vi er i Stryn og dette er Stryn turistinformasjon. Men det er viktig at vi held på turistane lengst mogleg. Vi ønsker at dei skal leggje igjen mest mogleg kroner i regionen heile regionen vår, seier direktøren.

Ho vil at det nye turistkontoret skal inspirere andre.

– Eg ønsker å sjå på korleis vi kan ta dette konseptet ut til dei andre turistkontora i Nordfjord. No har vi kontor i Måløy, Stryn og Olden. Eg ønsker at vi skal prate meir og enno betre saman om kva vi skal gjere med turistinformasjon i Nordfjord, seier Lindvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Reisemål Stryn og Nordfjord opnar ein flunkande ny turistinformasjon i dag. Midt i sentrum, ved Heradsheimen på Per Bolstad plass skal turistane få ein smakebit av kva ein kan oppleve som turist i Nordfjord. Foto: Erlend Blaalid Oldeide,NRK

VIDEO: Slik opna ordførar Sven Flo det nye turistkontoret i Stryn.Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK

Turistvertar og t-skjorter er andleta utad

Det vert ikkje store forandringar frå festdagen til kvardagen.

- Det vil sjå ut akkurat som i dag, sett vekk frå at det då vil vere turistvertar her, seier Lindvik.

Topp ti ting å gjere i Nordfjord

TOPP-TI: Denne lista skal trekkje personar til Nordfjord, og halde dei der lengst mogleg, forklarar Lindvik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Og dei er viktige, forklarar ho.

– Turistvertane er vårt ansikt utad, og er veldig viktige for oss. Dei skal selje naturen og gje den informasjonen turistane treng.

Dei vil tilsette ein person som kjem i mai, og så skal fleire kome i juni. Totalt vil tre eller fire personar verte tilsette som vertar.

– Dei vil ha på seg t-skjorter med Nordfjord-kart framme og topp-ti lista på ryggen.
Dei vil vere ein vandrande reklame.