Hopp til innhold

Fridde på toppen av Skåla

Fantastisk utsikt, flott ver og snø var med på å lage ei flott ramme rundt eit spesielt frieri laurdag ettermiddag. 1852 meter over havet gjekk han ned på kne.

Australske Barton Hardie fridde til den franske kjærasten sin på toppen av Skåla i Loen. Begge to er fallskjermhopparar og ei glad Delphine Huet sa «ja» like ved Skålatårnet.

Grunnen til at dei to var på Skåla i dag, var litt spesiell. 19 fallskjermhopparar skulle hoppe frå eit helikopter og lande like ved Skålatårnet, ikledd skisko og skiklede.

Skålatårnet i Loen

SKÅLATÅRNET: Fjellet Skåla er 1852 meter høgt.

Foto: Harald Vangberg
Tur til Skålatårnet

LANDA PÅ SKALA: Der venta skia og dei kunne suse nedover fjellsida.

Foto: Ingeborg Lund Mathisen
Flaug med wingsuits i Loen

WINGSUITS: Først flyg dei med vingedrakter, så løyser dei ut skjermen.

Foto: Thor Andre Fløtre

– Det var vakkert

«Sky to ski» blir det kalla og er ein norsk variant av heliskiing. Fjellskjermhopparane kunne ikkje lande på toppen ved tårnet på grunn av ein snøskavl som hang der. Landingsplassen blei 150 meter lenger nede, og deretter gjekk dei opp til toppen der frieriet skjedde.

– Det var eit vakkert frieri og det blei ei spesiell ramme. Ho viste ingenting på førehand, seier Even Rokne som var med på turen.

Variant av helisking

Etter frieriet spende dei 19 ekstremsportutøvarane på seg skia og susa nedover fjellsida til fjorden. «Freeride-linja» frå toppen og ned til fjorden er den lengste i Europa.

– Dette har vore ein svært vellukka dag, seier Rokne.

Var med som sherpaer

Ein annan gjeng som hadde ein flott dag, var elevar frå Nordfjord folkehøgskule. Dei var hyra inn som sherpaer og bar opp skia til fallskjerm- og paragliderhopparane.

Dei starta i dag tidleg og Ingeborg Mathisen seier at opplegget var utruleg bra.

– Vi har hatt ein strålande dag. Sola skein, det var kvitveis og nokre gjekk i bare overkroppar på veg oppover.

Klassen fekk frå folkehøgskulen gjorde også ei god gjerning ved å bli med på turen, for betalinga går til ein barneheim. Dermed gir leik for vågale ekstremsportutøvararar pengar til fjellfolket i Nepal.

Hoppar med wingsuit

Men dagen var ikkje over når det gjeld spektakulære opplevingar. Ei basehoppar-gruppe hoppa med wingsuits frå Hoven som ligg ved Hotel Alexandra i Loen.

Der susa dei nedover i vingedraktene sine, trekte ut skjermen rett over hotellet og landa i hagen.