I idylliske omgjevnader i Hjelmelandsdalen i Eid beitar fjordhestane side om side. Til vanleg står dei på stallen ved fjordhestsenteret i bygda, men no får dei nyte sommaren på beite.
- No kosar dei seg, og dei blir veldig glade av å vere ute i naturen, seier Janne Endal Andersson ved Harpefossen skisenter.
Men hestane blir minst like glade når nokon kjem frå å ri på dei. Og nettopp det tilbudet finst.
- Turisme er eit satsingområde for Norsk Fjordhestsenter, fortel Asle Espe.
Jobbar for å fremje interessa for hesten
Fjordhesten står sterkt i nordfjordbygda. Mange kallar Nordfjordeid fjordhesten sitt mekka, og det er ikkje utan grunn. Bygda er kjent for sine lange og gode hestetradisjonar, der det til dømes har blitt halde hingsteutstilling i langt over 100 år.
Norsk Fjordhestsenter er det nasjonale senteret for fjordhesten, som og er Norges nasjonalsymbol.
Dei seinare åra har det blitt stadig færre fjordhestar her til lands, og fleire jobbar for å fremje interessa for fjordhesten.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil tilby aktivitetar til besøkande
Også Asle Espe og Janne Endal Andersson håpar fleire får auga opp for den staselege hesten. Denne sommaren tilbyr dei to organisasjonane rideturar på alt frå to timar, fire timar og dagsturar.
Turane er lagt opp slik at dei passar for alle, også for dei som aldri har site på hesteryggen før. Espe seier det er viktig å tilby dei som kjem innom Fjordhestsenteret noko spennande å gjere.
- Det er ein god del turistar innom vårt anlegg og våre dalføre, og då må vi aktivitetar for dei.
At turane passar for alle har Andersson bevist. For berre to veker sidan var ho skeptisk til å setje seg på hesteryggen.
- For to veker sidan hadde eg min debut på hesteryggen og på ein fjording. Men etter det har eg vore på fleire turar. Det er veldig kjekt, seier Endal Andersson.
Også NRK sin reporter frå prøve seg på ein tur på hesteryggen. Sjølv om han er byrja bli ein kar godt opp i åra og aldri har gjort det før.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under videoen)
- Sogn og Fjordane på sitt beste
- Det å tilby ridetur med fjordingar til alle slags grupper, det er Sogn og Fjordane på sitt beste. Natubaserte opplevingar er styrken til fylket vårt og det må vi gjere meir av, seier Endal Andersson.
Så langt har det vist seg at dette er populært.
- Tematurisme er blitt eit trendy ord, folk vil oppleve noko. Det er ikkje berre barna som rir, men også dei vaksne vil ri.
- Dei likar å prøve nye aktivitetar og då er dei veldig godt nøgde med å ta seg ein tur på fjordingen, seier Espe.