Hopp til innhold

Stoltenberg skal opne bresenteret

Statsminister Jens Stoltenberg kjem eins ærend til Jostedalen 24. juni for å stå for den offisielle opninga av det nye Breheimsenteret. Senteret brann ned til grunnen i juli 2011. No står det fram i ny prakt.

Vart herja av brann. No skal nybygget opnast av statsministeren.

OPNAR SNART: Nye Breheimsenteret tek form,og snart slepp publikum til.

Dagleg leiar for Breheimsenteret, Peder Kjærvik, fortel om lange dagar og netter med jobbing fram mot at dei kan sleppe gjestene inn i det nye senteret 17. mai. Brannen for to år sidan har sett sine spor.

– Det er ikkje så lett å gløyme. Det var ein fæl kveld, men vi legg det bak oss og går vidare. Intensjonen var å byggje det opp att slik det var og forsikringsselskapet kom hit og sa at dette måtte attreisast. Det var ein god ting å høyre, fortel Kjærvik.

Har tilpassa litt

Originalteikninane til det heilt spesielle bygget rauk med i brannen, men heldigvis hadde arkitektane kopiar. No står handverkarar på for å få ferdigstilt nybygget som har reist seg som fugl fønix på branntomta framfor Nigardsbreen.

– Vi har gjort ein del tilpassingar. Men ikkje særleg store endringar. Det vi har endra er for å få litt betre praktiske tilhøve for oss som skal arbeide her og for dei som skal besøke oss. I hovedsak er det eit bygg der det berre er vegger og tak, det er ingen inndelingar. Det er blitt meir moderne, fortel Kjærvik som gler seg til å kunne opne for publikum igjen.

Brann på Breheimsenteret

DRAMATISK: I juli 2011 brann Breheimsenteret ned til grunnen.

Foto: Frank Optun Smedegård

Offisiell opning

Nasjonaldagen skal både bygdafolk og turistar få sleppe til, men 24. juni kjem altså statsministeren for å klyppe snora.

– Han hadde lyst å kome her, så det var ikkje så vanskeleg det. Det er kjekt at han vil vere med og opne senteret. Nasjonalparkpolitikken er viktig for regjering og Storting, og den har jo blitt lagt om dei seinare åra. Vi er jo ein del av nasjonalparksystemet. Heilt på sin plass at han kjem, meiner Peder Kjærvik.