Astri (20) omkom i speedglider-ulukka

Det var 20 år gamle Astri Brandal Reynolds frå Nesodden i Akershus som omkom i speedglider-ulukka i Loen søndag.

Paragliderulukke ved Hoven Loen

ULUKKESSTADEN: Speedglidaren fall ned like nedanfor den øvste masta (raud ring). Restauranten ligg til venstre for masta.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det skriv politiet i ei pressemelding i samråd med familien. Ulukka skjedde då skjermen hennar kom borti kabelen på gondolbana som går opp på fjellet Hoven.

Reynolds var student på Høgskulen i Volda. Direktør Per Halse seier dei hadde ei samling for dei næraste studievennane igår. Der deltok også tilsette ved høgskulen, helsepersonell, prest og kriseteamet i kommunen. I tillegg til desse var også politi frå Nordfjordeid, som hadde deltatt i aksjonen.

– Dei informerte om det som hadde skjedd. Og det er viktig for dei næraste å få mest mogleg informasjon.

Også i dag blei det arrangert ei minnestund. Halse vektlegg at dei prøver å ta vare på medstudentane på best mogleg måte.

– Det er veldig viktig å kunne vere i lag når noko så tragisk hender. Det er både sjokk og eit enormt tap. Vi har tilbode studentane eit rom der dei kan vere og sett dei i kontakt med dei ressurspersonane dei treng.

Vil sjekke skjermen

Lensmann Tormod Hvattum i Nordfjord seier dei no etterforskar ulukka. Han seier kvinna flaug sist i ei lita gruppe.

– Kvinna har treft vaieren til gondolbana. Her blei ho hengande fast og deretter har ho falle 60–70 meter ned på ei fjellhylle.

Politiet veit enno ikkje årsaka til at ulukka skjedde og skal i dag gjere avhøyr.

– Vi vil også gjere tekniske undersøkingar med skjermen for å sjå om det var noko feil med han.

Det er ikkje lagt ned forbod mot å flyge frå Hoven etter ulukka.

– Det er noko vi skal vurdere, men vi har ikkje noko konkret på det per no.

Skal granske ulukka

Noregs Luftsportsforbund vil setje ned ein granskingskommisjon for å finne ut kva som var årsaka til ulukka.

– Vi samarbeider med politiet for å finne ut kva som har skjedd, slik at vi kan unngå at slikt skjer igjen, seier fagsjef Trond Nilsen.

Han seier at alle aktivitetane deira i større eller mindre grad er definert som risikosportar, men at dei ikkje har hatt dødsulukker med speedglider sidan 2015.

– I forhold til kor mange turar som blir flogne på eitt år, er det få hendingar. Sjølv om det kan sjå dramatisk ut for dei som ser på, er det stort sett utøvarar med veldig god kontroll.

7000 turar med speedglider

Etter at gondolbana kom, er dette blitt den mest populære staden å flyge speedglider frå i Noreg. Sidan bana opna er det registrert 7000 turar frå toppen.

– Fjellet har sine særeigenskapar slik at med alle startar må ein ha lokale kunnskapar om forholda. Ut over det blir det ikkje vurdert som verre enn andre stader, og det er ein startplass som nybyrjarar også kan bruke.

Speedglider er ein mindre og raskare versjon av den meir kjende paraglideren.

Det har tidlegare vore gjennomført tiltak for å betre tryggleiken. Men Nilsen seier at kommisjonen som skal granske ulukka vil vurdere om det er behov for nye tiltak.

– Vi får sjå kva granskinga viser. Det blei gjort eit stort arbeid i fjor med å analysere forskjellige risikomoment ved starten. Det er lagt ut informasjon til alle medlemane våre om ting dei skal vere merksame på, som vind- og verforhold. Det at ho kom borti heiskabelen er ei ny sak vi ikkje har vore borti, og vi må sjå om vi må gjere nokon tiltak der.

Skal sjå på startpunktet

Loen Skylift vil etter ulukka diskutere eventuelle nye tiltak saman med luftsportsmiljøet. Dagleg leiar Richard Grov seier at dei mellom anna vil sjå på om startpunktet ligg for nær gondolbana.

– Det kan vere noko vi skal diskutere, men det er ikkje sikkert det vil gjere at vi unngår ulukker i framtida. Det kan hende at stader lengre vekke kan utgjere andre og større farar, så dette må vere ei vurdering i eit totalbilete.

Richard Grov etter dødsulukka med speedglider frå Hoven i Loen

Richard Grov.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Grov seier at luftsportsmiljøet har vore med sidan opninga av skyliften for to år sidan.

– Miljøet seier dette er ein trygg og god stad å flyge frå, og saman med utøvarar har vi laga oss retningslinjer for trygge turar. Det å unngå å komme i nærleiken av bana og vaierane har vore eit viktig element dette. No vil vi setje oss ned og diskutere dette.

Paraglidarulukke ved Hoven i Loen

ULUKKE: Redningsmannskap var raskt på plass då meldinga om ulukka kom. Kvinna vart funnen rett under gondolbana høgt oppe i fjellsida.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen