NRK Meny
Normal

No er Loen Skylift offisielt opna

STRYN (NRK): I strålande sol opna Dronning Sonja offisielt gondolbana som skal frakte folk 1011 meter over havet i Loen.

Gå til forsiden

Opna ei av verdas brattaste gondolbaner

Dronninga i loen skylift

Opna ei av verdas brattaste gondolbaner

22 bilder

    Dei siste vekene har fleire titals menneske jobba på spreng for å få alt klart til opninga laurdag. Fleire hundre møtte opp for å sjå den offisielle opninga.

    – Eg er rørt over å sjå alle folka som er møtt opp. Dette er ein stor dag, seier Richard Grov, dagleg leiar i Loen Skylift.

    Ordførar i Stryn, Sven Flo, var tydeleg stolt over at fjelldronninga var til stades under opninga.

    – Med pågangsmot er alt mogeleg. Dette er ein stor folkefest, sa Flo i opningstala.

    I strålande sol opna Dronning Sonja offisielt gondolbana som skal frakte folk 1011 meter over havet i Loen.

    SJÅ SAKA: Dronninga opna Loen Skylift i strålande sol.

    Lunsj på Hoven

    Sidan tidleg laurdag morgon har spente festfolk og arrangørar venta spente på toppen av Hoven. Festkledde i bunadar, stod fleire titals klare for å ta i mot dronninga 1011 meter over havet.

    Frå toppen av Hoven ser gjestene ut over Nordfjord. Dronninga har sjølv vore på fleire av toppane, og historiene delte Dronning Sonja med dei frammøte på toppen.

    Blant anna gjekk ho ein gong frå Tungestølen i Luster, og heilt over til Briksdalen som publikum kan sjå rett inn ifrå toppen av Hoven.

    – Mot slutten måtte vi forbi ein plass som var så smal at vi måtte gå sidelengs. Men vi overlevde alle saman, fortel dronninga lattermildt om den 14,5 km lange turen.

    Den store variasjonen i naturen i området er noko av det som har fanga dronninga si interesse.

    – Det er eit av dei mest fantastiske fjellområda i landet. Det er så store variasjonar. Det er høge toppar, Nesdalen som er som urskog, det er verkeleg kontrastane sitt rike.

    festkledd publikum loen

    FESTKLEDDE: Publikum hadde kledd seg i bunad i finvêret. Dronning Sonja sine historier om turane sine i området underheldt godt under opninga.

    Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

    Bytta fjellsko med bunadsko

    Dronninga er kjend for å vere glad i fjell og friluftsliv. I dag var fjellsko bytta ut med bunadsko.

    Vi har så mykje natur i Norge at vi må vere rause med kvarandre, også dele naturen med dei som ikkje kjem seg dit på eiga hand, meiner dronninga.

    – Alle er ikkje like spreke som de som spring opp vegen her. Eg tykkjer det er flott at fleire får anledning til å komme seg ut i desse flotte fjellområda, seier dronninga.

    Barn i Loen

    BARNEKOR: Barn frå Loen song ein eigenkomponert song for Dronning Sonja.

    Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

    I drift søndag

    Det lokale næringslivet har investert nær 300 millionar i gondolbana som skal gi folk magesug.

    Bygda Loen i Stryn ligg midt i gullruta for reiselivet på Vestlandet. Frå bana ser ein Lodalen, Oldedalen med Briksdalsbreen, fjellet Skåla og Jostedalsbreen. Håpet til eigarane er å ta i mot 50.000 reisande det fyrste driftsåret.

    – Når vi satsar på denne måten, er det for å vise at vi har ei framtidstru. Vi har ein draum om at området skal vise igjen både regionalt, nasjonalt og internasjonal også i framtida, har dagleg leiar Richard Grov tidlegare sagt til NRK.

    Den ordinære drifta startar søndag 21. mai. Den luftige turen tek mellom fem og sju minuttar kvar veg.

    Utsikt frå skylift loen

    UTSIKT: Frå terrassen på restauranten kan publikum sjå ut over fjella i Nordfjord.

    Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

    Teaterfestivalen i Fjaler  
    Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
    Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen