– Vi kan varsle folk på berre eitt sekund, seier Geir Gjørsvik i bedrifta Paneda.
Då Jølster blei råka av flaum og ras i sommar, skapte manglande mobil- og nettdekning problem. Innbyggjarane har i etterkant etterlyst eit mobilvarslingssystem.
I to år har verksemda Paneda jobba med å utvikle eit system som skal varsle og evakuere folk ved ulukker og krisesituasjonar. Gjørsvik meiner systemet ville fungert i situasjonar som den i Jølster.
– Med teknologien vår kunne vi tatt over ein DAB-sendar, og fått varsla alle bilane som var innesperra i raset, seier Gjørsvik.
Varslinga kan nå ut til folk på fleire måtar og i bestemte område.
Bruker DAB-nettet
– Vi treng slike hjelpemiddel, seier Knut Arne Klingenberg, som er tenestadleiar i politiet i Aurland og Lærdal.
Torsdag viste Paneda systemet sitt for første gong i Flåm i Aurland. Kommunen har vore eit testlaboratorium i utviklinga.
Ras- og flaumfare, mange lange tunnelar og store folkemengder når turistane kjem om sommaren, gjer at staden er eigna for testing.
– På Vestlandet skjer det mange naturhendingar, og då har vi ofte sett at mobilnettet er nede, seier Sondre Bjelle, som er rådgjevar for Fylkesmannen.
– Det skal litt til å få folk i rett retning. Vi vil varsle folk på fleire plattformer, som Facebook, tekstmelding eller på TV, seier Geir Gjørsvik i bedrifta Paneda.
Håpar å bli brukt nasjonalt
Det har vore gjort ei rekke utgreiingar av ulike system for å varsle befolkninga ved akutte hendingar. Nyleg var samfunnstryggleiksminister Ingvill Smines Tybring-Gjedde (Frp) i USA for å lære om systema der.
Regjeringa har sett av 1,1 millionar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2020 til å greie ut eit slikt system der.
Når regjeringa no vil greie ut eit nasjonalt system for befolkningsvarsling, håpar dei å spele ei rolle.
Gjersvik meiner systemet kan brukast både på lokale bedrifter, kommunar, fylke og som eit nasjonalt varslings- og evakueringssystem. Han meiner løysinga også har internasjonalt potensial.
– Vi vil vere med på å utvikle eit nasjonalt og internasjonalt varslingssystem, seier Gjørsvik.