NRK Meny
Normal

Truleg store erstatningskrav etter tørken

Erstatningskrava etter frost og tørke i landbruket kan kome opp i åtte millionar kroner i år. Det trur landbruksdirektør Christian Rekkedal hos Fylkesmannen.

Tørke

TØRT: Dette biletet er teke i Stryn i juli, men situasjonen er lik mange andre stader i Noreg.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Ifølgje avisa Nationen kan erstatningskrava totalt i Noreg kome opp i 1,1 milliardar kroner, då Landbruksdirektoratet ventar nesten 15 gongar fleire søknader enn normalt.

Rekkedal seier skadane truleg er verre andre stadar i landet, men ventar opp mot 300 erstatningskrav her i fylket.

Christian Rekkedal, landbruksdirektør i Sogn og Fjordane

LANDBRUKSDIREKTØR: Christian Rekkedal hos Fylkesmannen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Vi leverte ein prognose for dette for nokre veker sidan, og då opererte vi med åtte millionar kroner til saman. Tre millionar kroner går til skader vi veit kom på frukt og bær i vår og som gjeld uttørking. Resten av summen er det vi ventar kjem når det gjeld skade på grasavlingar, seier Rekkedal.

– Dårleg, men ikkje katastofre

Tørke og dårlege avlingar har ført til at bønder over heile landet opplever fôrmangel. Tidlegare i veka råda leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag bøndene til å gjødsle opp for ein tredjeslått.

Rekkedal seier tørken har ramma det sentrale Aust-Noreg og lengre sør på Vestlandet hardare enn Sogn og Fjordane.

– Jamt over er avlingane i fylket dårlege, men ikkje katastrofale. Det varierer veldig frå bruk til bruk når det gjeld solforhold, jordsmonn og kva som har vore av regn i sommar, men for enkelte bruk veit vi at det er veldig dårlege avlingar.

Høg eigendel

Har bøndene fått litt mindre avling enn normalt, gir ikkje det grunnlag for erstatning.

– Avlingsskadeerstatninga skal vere ei katastrofeerstatning, slik at det er ganske høg eigendel på 30 prosent. Men er avlinga under 70 prosent av ei normal avling, då kan bonden få erstatning.

– Korleis er åtte millionar kroner i erstatning sett opp mot tidlegare år?

– Også tidlegare år har det vore stor skade til dømes ved isbrann, så vi har vore borti liknande tal tidlegare her i fylket.

Han rår bøndene til å kontakte kommunane for å få råd om dei vurderer å søkje om erstatning.

– Det ligg også god informasjon på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune