Hopp til innhold

Bondelagsleiar: – Alle bønder bør gå for ein tredjeslått

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag meiner alle bønder i solidaritet bør gjødsle opp for ein tredjeslått, også om dei ikkje treng fôret sjølve. Forslaget får støtte frå Bondelaget sentralt.

Anders Felde

MÅ HJELPE KVARANDRE: – Vi har eit større underskot på for i Sogn og Fjordane i år enn vi bruker å ha. Så det er all grunn til å redde alt som reddast kan av gras og mat til dyra, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Tørke og dårlege avlingar har ført til at bønder over heile landet opplever fôrmangel. Nokre importerer fôr, mens andre må ty til alternative løysingar, som å spe på med mat som elles skulle vore kasta. I Sogn og Fjordane oppmodar no bondelagsleiar Anders Felde alle bøndene i fylket om å gå for ein tredjeslått.

– Det viktigaste no, er at alle – sjølv om dei ikkje treng det – gjødslar opp att arealet etter andreslåtten og går for ei tredje avling.

Felde meiner bøndene må gjere dette i solidaritet med kollegaer som slit.

– Vi har område i Sogn og Fjordane som skrik etter fôr. Dei vil slite med å få fôr utanfrå. I sympati med dei, bør vi hauste mest mogleg gras på areala våre, seier han.

Støttar forslaget

Forslaget frå fylkesleiaren får støtte frå Bondelaget sentralt.

– Med den kraftfulle fôrkrisa som no er i Sør-Noreg, og den manglande halmavlinga som etter kvart er situasjonen på Austlandet, så meiner eg dette er eit godt tiltak, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Bartnes

STØTTAR FORSLAGET: Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, er positiv til utspelet frå Sogn og Fjordane. Bondelaget har oppmoda til ein fôrdugnad. – Det handlar om å utnytte vekstpotensialet for gras om hausten, og å samle saman mest mogleg av halmen som blir att etter tresking. Det er også viktig at bønder kontaktar kvarandre og skriv kontraktar for kjøp og sal av fôr, seier han.

Foto: Morten Andersen/NRK

Bondelaget har sjølve oppfordra til fôrdugnad, og Bartnes meiner forslaget frå Sogn og Fjordane her vil bidra godt.

Enkelte bønder har reagert på at fôr blir selt overprisa til kollegaer. Også Bartnes er oppteken av pris.

– Eg meiner bønder bør omsetje fôr til kostpris, så ein bidreg og hjelper kollegaer i ein vanskeleg situasjon.

Verst i aust

Bondelagsleiaren seier hausten og vinteren kan bli tøff for mange.

– Mange må ta stilling til om ein skal kjøpe dyrt grovfôr, forsterke kjøp av kraftfôr, eller redusere talet vinterfôra dyr. Dette er tøffe avgjerder som har økonomiske konsekvensar både no og dei komande åra.

Det er i Agderfylka, Telemark, langs Oslofjorden og i Hedmark og Oppland det per no er mest dramatisk, ifølgje Bartnes.

– Det verkar som Rogaland, Vestlandet og Midt-Noreg per no har litt betre situasjon, men det er også stor underdekning i desse områda.

– Stor hjelp

Felde seier det for Sogn og Fjordane sin del sett under ikkje er krise.

– Men her er veldig trøblete område, som Luster, Aurland, delar av Stryn. Og enkeltbønder med tørkesvak eller grunn jord, har katastrofale avlingar.

Forslaget til Felde inneber ein kostnad knytt til det å gjødsle opp, men fôret vil bøndene få selt, meiner han.

– Det er ei lita inntektsmoglegheit for dei som sel, men det er til veldig stor hjelp for kjøparane. For dei som vore tidleg ute å slå, kviler det eit ansvar på å gå for ei tredje avling, seier fylkesleiaren.