Hopp til innhold

Torghatten vil selge dotterselskap for å berge Fjord1-avtalen

Transportgiganten Torghatten vil selje eit av sine mest verdifulle dotterselskap for å hindre at Konkurransetilsynet set ein stoppar for oppkjøpet av Fjord1.

MF Barøy stamper mot stormen på tur til Bognes 18.november 2013.

KJEMPAR FOR KJØP: Torghatten vil bli det største transportselskapet i Norge, ved å kjøpe halvparten av Fjord1. Her eit av skipa deira, MF Barøy, på tur til Bognes.

Foto: Bjørnar Hansen

Tilsynet stadfestar no at dei har utsett sin eigen frist til 22. juli for å seie ja eller nei til det mykje omtala oppkjøpet av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1.

Det skjer fordi Torghatten har sendt brev, der dei skisserer fleire løysingar for å hindre at dei får for mykje makt i transportnæringa i Norge.

Blir størst i Norge

Torghatten ASA, med hovudkontor i Brønnøysund, er eit av dei største transportkonserna i landet med ein årleg omsetnad på 8,5 milliardar kroner.

Dei har om lag 6400 tilsette innan buss, ferje, hurtigbåt og flytrafikk i heile Norge, og eit oppkjøp av Fjord1 vil gjere Torghatten til det desidert største transportselskapet i landet.

Vil selge Trondheimsselskap

– Bakgrunnen for å utsetje fristen er at vi har fått forslag til avbøtande tiltak frå partane. Då er det slik at lova seier at det blir ei fristutsetjing på 15 dagar for Konkurransetilsynet si sakshandsaming. Dermed får vi tid til å vurdere desse avbøtande tiltaka som har kome inn, seier seniorkonsulent Marita Skjæveland i Konkurransetilsynet.

Eit av dei mest sentrale tiltaka frå Torghatten si side blir då å selge dotterselskapet FosenNamsos Sjø. Dotterselskapet, som er basert i Trondheim, hadde ei omsetjing i fjor på 533 millionar kroner og kring tre millionar passasjerar.

Skeptisk til kjøpsavtalen

Konkurransetilsynet har tidlegare uttrykt stor skepsis til avtalen mellom Torghatten og F1 Holding, som er fylkeskommunen sitt eigarselskap for Fjord1-aksjane.

Konsernsjef i Torghatten ASA, Brynjar Forbergskog, har førebels ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til den siste utviklinga i saka.