NRK Meny
Normal

Varslar forbod mot Fjord1-oppkjøp

Konkurransetilsynet set foten ned for salet av éin ferjegigant til ein annan. Dei fryktar eit dyrare ferjetilbod om Torghatten får kjøpe opp Fjord1.

Konkurransetilsynet set foten ned for salet av éin ferjegigant til ein annan. Dei fryktar eit dyrare ferjetilbod om Torghatten får kjøpe opp Fjord1.

SALET KAN BLI STOPPA: Torghatten har no 15 dagar på seg for å argumentere deira sak. Kan dei ikkje kome med gode nok tiltak for å redusere konsekvensane av oppkjøpet, vil salet truleg bli stansa.

Tilsynet meiner oppkjøpet vil vere for skadeleg for konkurransen.

– Vi fryktar at dette skal føre til at konkurransen vert redusert, og billettprisane til ferjepassasjerane skal gå opp, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese til NRK.

Konkurransetilsynet har no sendt ut varsel til partane, som har 15 dagar på å komme med sine innspel. Det var Bergens Tidende som først melde om saka, etter at tilsynet sjølv melde om varselet på sine nettsider.

Avviser Torghatten sine tiltak

Etter at selskapa har sagt sitt, har tilsynet nye 15 dagar på å felle den endelege dommen.

Gjermund Nese

UROA FOR KONKURRANSEN: Avdelingsdirektør i Konkurransetilsynet, Gjermund Nese.

Foto: Marit Hommedal

– Vi har i dag oversendt varselet til selskapa, og no ventar vi på deira tilsvar, seier Nese.

Varselet kjem trass i at Torghatten tidlegare denne månaden kom med framlegg om tiltak for å gjere oppkjøpet mindre skadeleg for konkurransen.

– Konkurransetilsynet har gjort ei vurdering av desse, men kome til at dei ikkje er tilstrekkelege til å fjerne vår uro for konkurransen i marknaden, seier Nese.

Det var i november i fjor at fylkestinget i Sogn og Fjordane, som er majoritetseigar av Fjord1, vedtok å selje sine aksjar til Torghatten. Salet kan gi fylkeskommunen 1,2 milliardar kroner totalt.

Fjord1 og Torghatten er to av dei største av totalt fire selskap i den norske ferjemarknaden. Eitt oppkjøp ville ikkje berre bety færre aktørar, men ein marknad med eitt dominerande selskap og høgare prisar, fryktar mellom anna Statens vegvesen, som er den største innkjøparen på ferjemarknaden.

– No skjer det vi frykta

– No skjer det som dei innleige konsulentane sa dei ikkje trudde ville skje, seier fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo i Venstre.

Bjørlo høyrer til mindretalet som var kritiske til at fylkeskommunen selde Fjord1-aksjane sine til Torghatten.

– Det er ganske alvorleg det Konkurransetilsynet varslar i dag. Det er i tråd med den frykta som vi i mindretalet hadde for kor stort og alvorleg inngrep dette var i ferjemarknaden.

Uroa for å bli innelåst

Jenny Følling

HAR TILTRU: Fylkesordførar Jenny Følling håpar salet av fylkeskommunen sine Fjord1-aksjar blir godkjent.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp) seier det var førespegla at det ville komme krav om tiltak for å redusere konkurranseskadane.

– I prosessen vidare vil Torghatten moglegheit til å kome med fleire avhjelpande tiltak, og eg har tiltru til at det vil vere ein god dialog framover.

Følling håpar dei klarar å kome med tiltak som føre til ei godkjenning.

– Det er ikkje særleg greitt for ein offentleg eigar å bli innelåst i eit konkurranseutsett selskap, så eg håpar vi greier å finne løysingar på det, seier ho.

Deleigar ikkje overraska

I Havilafjord AS, som eig 41 prosent av aksjane i Fjord1, er styreleiar Per Sævik glade for at Konkurransetilsynet no varslar stopp av oppkjøpet av dei resterande 59 prosent.

Vi er nøgd, men ikkje overraska. Vi forventar at fullt forbod også vil bli det endelege resultatet av saka. Dette sparar oss for ein mellomperiode der vi ville hatt representantar frå vår største konkurrent i styrerommet fram til rettssaka er avgjort, seier Per Sævik.

Sævik og Havilafjord skal i august møte Sogn og Fjordane fylkeskommune i retten, fordi dei meiner majoritetseigaren overkøyrde Havilafjord sin forkjøpsrett. Rettssaka skal gå som planlagt i Fjordane tingrett frå 29. august.