Hopp til innhold

I ein stor gruvehall under jorda la næringslivet fram si bøn for skulane

Politikarane måtte på med hjelm og refleksvest og fekk vere med langt ned under jorda. Der nede fekk dei høyre næringslivet si bøn for dei vidaregåande skulane på Nordfjordeid og i Måløy.

– Vi valte ein eksklusiv møteplass, Lefdal gruve, på grensa mellom Eid og Måløy. Dette gjorde vi for å vise at det vil vere vekst her i framtida, i forhold til at det blir datalagring i gruva, fortel Edvin Haugen som er dagleg leiar i Nordfjord Vekst.

Dei hadde tysdag kveld invitert både fylkespolitikarar og lokale politikarar til eit møte om framtida til dei vidaregåande skulane.

I berre sju grader, langt nede under jorda fekk politikarane høyre kor viktig skulane er for regionen.

– Ein så spesiell møteplass gjer inntrykk, og du vil hugse at du har vore der. Vonleg har dei greidd å få med seg noko av bodskapen vår også, seier Haugen etter møtet.

Kan ikkje godta nedlegging

Kampen for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane nærmar seg slutten. Torsdag kjem innstillinga frå fylkesadministrasjonen på kva skular og kva tilbod fylket bør ha i framtida. Deretter skal fylkespolitikarane ta ei endeleg avgjerd i juni.

Og noko må skje. Innsparingsbehovet fram mot 2024 ligg mellom 72 og 97 millionar kroner, noko som betyr at fleire av dagens 13 vidaregåande skular kan forsvinne.

I Nordfjord Vekst jobbar dei for vekst i Eid, Selje og Vågsøy, og skal næringslivet i desse kommunane ha ei god framtid kan ikkje skulane i Eid og Måløy leggjast ned, fortel Haugen.

– Vi har ikkje sagt av vi vil behalde absolutt alle tilbod. Det fleste har tatt inn over seg at det vil skje endringar, men det kravet vi ikkje kan gå vekk frå er at det skal vere to skular. Og det skal vere studiespesialisering på begge, seier Haugen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Edvin Haugen er dagleg leiar i Nordfjord Vekst

NØGD: Edvin Haugen i Nordfjord Vekst var godt nøgd med møtet i gruva.

Foto: Øystein Torheim

Håpa å gjere inntrykk

Og nettopp denne bodskapen var det Nordfjord Vekst håpa å nå fram med til fylkespolitikarane. På førehand fekk dei beskjed om å kle seg godt, ha gode sko og ta med seg refleksvest og lommelykt.

I bussar var dei frakta ned spiralen som tek dei ned i dei store gruvehallane der det etter planen skal kome store datalagringshallar.

– Folk synest det var litt magisk, men folk i Sogn og Fjordane er jordnære, så det var ingen som mista fatninga, seier Haugen.

– Hand i hand

Vel nede fekk politikarane høyre frå mange forskjellige hald kor viktig det er med sterke vidaregåande skular i nærmiljøet. På talarstolen stod både elevar og ei rekkje representantar frå skulane og næringslivet.

– Det er mykje å vise fram, og det er to vidt forskjellige skular. Dei er godt tilpassa regionen, og det er viktig for oss å få fram, seier Haugen.

– Eg synest vi hadde eit godt opplegg. Og eg føler vi fekk vist fram korleis næringslivet og skulane passar hand i hand, og vi fekk mange gode tilbakemeldingar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elevar frå restaurant og matfaglinja ved Måløy VGS stod for matserveringa i gruva

MAT: Elevar frå restaurant og matfaglinja ved Måløy VGS stod for matserveringa i gruva.

Foto: Øystein Torheim

– Dei var flinke

Blant fylkespolitikarane som var med ned i gruva var fylkesgruppeleiar i Høgre, Noralv Distad. Han meiner noko av det viktige som kom fram var kor viktig det er å bevare optimismen i næringslivet, trass den vanskelege debatten som no går.

– Det er stor vilje til å satse, og stor tru på satsing i denne delen av Sogn og Fjordane. Det var eit positivt bidrag i debatten.

– Noko vi kanskje gløymer når vi diskuterer korleis skulestrukturen skal vere, er at vi også må tenkje på at vi må skape vekst og framgang i fylket, seier Distad.

– Tøffe val

Kor vidt det gjorde meir inntrykk å ha møte i ei gruve langt under jorda enn i ein gymsal eller andre plassar veit han ikkje.

– Det var ein artig vri, og ei spesiell ramme for arrangementet. Men det viktigaste var bodskapen dei fekk fram.

– Både bedrifter og elevar viste at dei var opptekne av at ein skal ha ein god skule, og at ein skal gje god opplæring til elevane og ha eit opplæringstilbod som er i takt med det næringslivet treng.

– Dette må vi ta med oss vidare, sjølv om vi no må gjere tøffe val, seier Høgre-politikaren.

Spent på kva som skjer

Edvin Haugen i Nordfjord Vekst er svært spent på kva som kjem fram i innstillinga frå fylkesrådmannen på torsdag.

– Eg håpar jo for fylket sin del totalt sett at vi ikkje raserer det vidaregåande tilbodet. Og for vår del håpar eg det ikkje blir dramatisk.

Han set uansett sin lit til at fylkespolitikarane tek med seg bodskapen frå møtet, og trur dei kan vere villige til å gjere andre val enn det fylkesadministrasjonen rår dei til.

– Ja, det trur eg faktisk. Eg trur dei ser verdiane av det som skjer og kor godt skulane her er tilpasse næringslivet i regionen.